Arild Reppen har travle dagar i sykkelverkstaden til Intersport Sandane.

Høgsesong for sykkelreparatøren

– Pågangen er stor. Det er mykje sesongarbeid, og det merkast at fleire syklar no enn tidlegare, seier Arild Reppen.





I ti år har han arbeidd som sykkelreparatør hjå det som no heiter Intersport Sandane. Særleg i perioden frå april og framover våren og sommaren har han rikeleg å gjere.

– Løner seg å reparere
– Er det fin vinter og tidleg sykkelføre, blir det tidleg pågang i verkstaden. Tradisjonelt har påska markert overgangen til sykkelsesongen for mange, seier han og fortel at reparasjonane ofte dreiar seg om bremser, gir og punkteringar.

– Det er framleis mange som reparerer punkterte hjul sjølve, men ein set ut mykje meir arbeid på alle område enn ein gjorde tidlegare. Slik er det også med sykkel og andre reparasjonar, seier Reppen.

– Løner det seg å få reparert sykkelen sin?

– Ja, det gjer det i det store og heile. Om ein har kjøpt ein veldig billeg sykkel, kan ein kome dit at reparasjonen kostar like mykje som sykkelen, men delane som blir brukte til reparasjonen er betre enn dei som var brukte før. Ein reparerer gjerne ikkje billige syklar, men syklar med ein viss pris løner det seg heilt klart å reparere.

Nye utfordringar
Reppen har merka ei haldningsendring i forhold til å ta vare på og reparere tinga sine i staden for å kjøpe nytt:

– Dette er ein trend som høgst sannsynleg vil styrke seg framover.

Stisykling er blitt svært populært i Gloppen, noko sykkelreparatøren har fått merke.

– Dette gjev meg nye utfordringar som service på demparar og meir komplisert utstyr. Det er mykje slitasje på dette, seier reparatøren som har hatt sykkel som hobby sidan han var tolv år.
Slik sett hadde han ein viss basiskunnskap før han tok til i jobben som sykkelreparatør i 2009.

– Men eg har måtta lære meg veldig mykje nytt. Nye patent gjer jobben meir spennande, og eg får høve til å utvikle meg, smiler Arild Reppen.