Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Høgare omsetnad og betre resultat for Posten

Posten og Bring har under koronapandemien opplevd ein auke i heimlevering av pakkar på over 400 prosent samanlikna med tilsvarande veker i fjor.


Posten Noreg kan i første kvartal 2020 vise til både auke i omsetnad og resultatframgang.


– Vi leverer eit godt resultat for første kvartal. I siste del av kvartalet medførte koronapandemien aktivitetsnedgang i bedriftsmarknaden, medan etterspurnaden auka frå privatmarknaden og gav ein kraftig volumvekst i pakkar frå netthandel, seier konsernsjef Tone Wille.


Omsetnaden til konsernet i første kvartal var på 5.964 millionar kroner, ein auke på 0,9 prosent samanlikna med same periode i fjor. Justert driftsresultat i første kvartal vart 153 millionar kroner, ei forbetring på 46 millionar kroner samanlikna med same periode i 2019.



Fakta om kvartalsresultatet for Posten Noreg

Nøkkeltal frå resultatet for Posten Noreg for 1. kvartal 2020. Tal for 2019 i parentes.


* Driftsinntekter: 5.964 millionar kroner (5.913 millionar kroner)


* Driftsresultat: 527 millionar kroner (489 millionar kroner)


* Resultat før skatt: 21 millionar kroner (–38 millionar kroner)


(©NPK)