Å lage porselensdokker er ein av fleire hobbyar Åse Kari Fjellestad brukar dagane på. – Victoria levde i 1814, medan Mina er dagens jente. Ho har tights og er litt fornærma. Eg har lova henne ny bluse, men eg har ikkje fått sydd han enno, smiler Åse Kari som gjerne slår av ein prat med dokkene sine.

– Hobbyane er gull verd for meg

– Eg kan nesten ikkje bevege meg ute lenger, men no flyg dagane av garde. Eg synest det er kjempekjekt å halde på med dette, seier Åse Kari Fjellestad og viser fram flotte porselensdokker og akvarellmåleri.

73-åringen sit lunt og godt heime i stova si på Kleivedammen. Ho har mange interesser og mykje å glede seg over, sjølv om livet har teke ei uønska vending og gjort horisonten langt mindre skyfri.



Tuslar rundt og gjer småting

– Eg held meg til akvarellar, det poppar berre opp motiv. Eg målar mykje natur, men det er ikkje alltid eg får det til som eg vil. Dette er tredje året eg prøver å få til ein foss, men eg slit med rørsla i vatnet, smiler Åse Kari.

Målinga er ein viktig og kjær hobby for den tidlegare læraren. Det er også modellering og utrusting av porselensdokker. Ho har mellom anna laga Eidehøvdingen i porselen, med kle og våpen som på 500-talet.



Helsa tilseier ikkje store sprell. Den eine lunga er ute av funksjon, den andre har berre kring 30 prosent av normal kapasitet. Eine hjarteklaffen er øydelagd, og ho har fått påvist kols. Hjartefeilen gjer at lungene ikkje kan skiftast, og dårlege lunger utelukkar hjarteinngrep.

– Eg kan ikkje gjere så mykje anna enn å tusle rundt i huset og pusle med småting. Eg har hjelp til husvask, for ikkje kan eg reie opp senger, ta klevasken eller pusse vindauge. Eg klør i fingrane etter å gjere forskjellig, men eg får ikkje puste. Det er heilt stengt. Eg går med oksygentilførsle døgnet rundt, og på medisinar. Om det vert ekstremt, kan eg få ekstra morfin. Det hjelper, det er om å gjere å få opp mest mogleg slim. Det er omtrent som eksos som blir liggjande, fortel ho.

Ein spire vart sådd

Åse Kari er ekte totning, ho voks opp saman med foreldra og to yngre søsken i Hunndalen, midt mellom Gjøvik og Raufoss. Faren arbeidde i møbelfabrikk, mora var heimeverande, men batt fiskefluger for den lokale Mustad-fabrikken.

Etter fullført grunnskule gjekk turen til Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole Ringsaker.

– Det var der groen til å undervise kom. Eg hadde ein lærar som viste meg kva litteratur kan gje oss, vi spelte ein del teater og vart dregne med heile tida. Vi hadde inga redsle for å stå på ei scene, fortel ho om folkehøgskuletida.

På denne tida flytte foreldra til Oslo, men faren døydde brått, berre 59 år gamal.

– Vi hadde eit nært forhold, eg saknar han framleis veldig. Men mor klarte seg utmerka. Ho tok sertifikat, og køyrde til og med til Sandane etter at ho var 60 år.

Foreldra var arbeidarar av den gamle sorten, trygt forankra i arbeidarrørsla.

– Og så var dei avhaldsfolk. Men far var ein spøkefugl utan like. Ein gong vart han nesten arrestert etter å ha balansert på ein midtrabatt i Bergen. Dei trudde han var rusen, seier Åse Kari og gleder seg over det gode minnet.

Amor sine piler

Lærarutdanninga si tok ho på den fireårige lærarskulen på Hamar. Der var det opptaksprøve i alle fag, alt frå kroppsøving til solosong.

Den første lærarstillinga fekk ho på Fosenhalvøya, nærare bestemt i Hasselvika.

– Eg leigde eit heilt hus av kjøpmannen på staden. Hysnes fort var næraste nabo. På butikken møtte eg ein dag ein gut som eg hadde gått på lærarskule med. Han tok med Knut på kaffibesøk. Etter fleire kaffikoppar, fleire gongar, tok Knut til å kome åleine, fortel Åse Kari, om mannen ho har vore gift med i snart 50 år.

– Første sommaren eg var med han til Sandane, gjekk eg til skulesjef Ravnestad og høyrde om det var jobbmoglegheiter for meg her. Det er berre å kome, sa han, så skulle han finne jobb til meg. Eg reiste tilbake til Fosen og var der eitt år til, før eg fekk arbeid i barneskulen og flytte hit i 1969.

I 1972 vart eldstesonen Knut Stian fødd, fem år seinare kom Thomas til verda.

Dritsekken Peer Gynt

Etter å ha teke spesialpedagogikk 1. og 2. avdeling, fekk ho tilbod om å arbeide ved Søreide skule, eit opplæringssenter for born med lærevanskar.

– Eg var der i eit par år, men eg såg at det ikkje var heilt mi «greie». Eg fekk ikkje brukt samfunnsfag og norsk slik eg ville, fortel Åse Kari.

Etter kvart hamna ho på Gloppen ungdomsskule. Der blei ho til ho gjekk av med pensjon i 2008. I løpet av tida på ungdomsskulen hadde ho hundrevis av elevar. Mange av dei hugsar henne som den lune læraren som skapte god stemning i klasserommet.

– Det var om å gjere å «fenge dom» og vise at eg var glad i det eg gjorde og hadde lyst til å dele kunnskapen med dei, seier ho på si umiskjennelege Toten-dialekt.

Ho hadde sin eigen måte å la elevane bli kjende med Ibsen på.

– Kjenner de ein dritsekk? Ein som lyg til mora si, stel, drikk seg full og tek ifrå deg kjærasten din, spurde eg dei. Ja, det var det mange som gjorde.

– Det er Peer Gynt, forklarte eg. Då gjekk det seg til, smiler ho og legg til at humor og godt humør er viktige ingrediensar i eit klasserom.

– Stort sett kvar dag etter siste time spurde eg elevane om dei hadde gleda nokon og lært noko den dagen. Då måtte dei setje skikkeleg ord på det. Ein kan ikkje gå heim etter seks timar på skulen og ikkje ha lært noko! Då er det noko feil med opplegget.

Fullstendig rettferd

Den viktigaste rettesnora ho hadde som lærar var å «sjå» elevane og yte fullstendig rettferd.

– Noko av det verste ein kan gjere med elevar er å segregere dei. Også elevane synest det verste er å bli tekne bort frå dei andre, ut av fellesskapet i klasserommet. Eg veit ikkje at eg nokon gong har sendt ein elev åleine med ein lærar på eit grupperom. Eg ville heller ha ein hjelpelærar i klasserommet enn på eit grupperom. Rettferd er noko av det viktigaste du viser, at elevane skjøner at du som medmenneske er rettferdig. Som førebilete må vi vere konsekvente og strenge, men vi må lytte og gje ros også.

Ho leita alltid etter dei eigenskapane i elevane som kunne bety noko for samfunnet.

– Det var om å gjere å få dei til å forstå si eiga verd og at dei betyr noko. Eg var på jakt etter kvar enkelt si åre, det er der vi har individuell opplæring. Ikkje dermed sagt at ein skal gje elevane ulikt stoff, men ein må sile ut og finne det som engasjerer. Det finst i alle, understrekar den gamle læraren ivrig og minner om orda til fredsprisvinnaren Elie Wiesel om at likesæle, ikkje hat eller vondskap, er den verste eigenskapen eit menneske kan ha.

– Saknar klasserommet

Åse Kari gjekk av som lærar då ho var 62 år. I ettertid ser ho at ho kanskje burde ha halde på lenger.

– Det blei ein stor overgang. Eg saknar klasserommet enno, ikkje éin einaste dag grua eg meg til å gå på arbeid. Eg føler eg har hatt eit godt forhold til alle elevane mine. Eg kunne bli sint, men då sa eg gjerne at «eg er ikkje sint på deg, men det du gjer. Kvifor gjer du det?» Det forstod dei som regel og godtok det. Å forklare ting betyr mykje, slik at dei skjøner kvifor du gjer som du gjer.



Å dynge elevane ned med lekser, har Åse Kari aldri hatt særleg sans for.

– Dei fekk velje om dei ville jobbe i timen eller dragse med mange bøker heim og lese i staden for å gå på fotballtrening eller korøving, seier ho og understrekar at både elevane og lærarkollegaene har vore viktige for henne:

– Ein må ha eit godt forhold til dei ein arbeider saman med, men ein kan ikkje vente at alle går like godt i lag. Nokre blir ein tettare til enn andre. Kollegiet har betydd mykje for meg.



– Var heilt i himmelen

Men om klasserommet har vore eit sakn, har tida som pensjonist gjeve henne høve til å dyrke ulike hobbyar.

– 60-års presangen frå Knut var ti dagar akvarellkurs i Pyreneane. Vi var 14 norske kvinnfolk med ein verdskjend brasiliansk kunstnar som lærar. Vi budde i kloster, fann alt vi åt, med unntak av kjøt og fisk, i hagen, og levde heilt isolert. Vi måla og vi måla og følte at vi var heilt i himmelen. Det var ei heilt ukjend verd for meg, og vi fekk god respons på det vi gjorde. Sidan har eg drive på, fortel ho og legg til at kunstnaråra nok kjem frå mora som putla litt med teikning og måling.

I tillegg til målinga, er ho ein aldri så liten dokkemakar. Fire pensjonerte damer møtest annakvar veke til modellering av porselensdokker og sying av kle til desse. Turi Eide er stødig mentor og ekspert.

– Eg har laga 30-40 stykke. Eg starta på eit nissekurs og laga ein nisse, men det blei meir spennande då eg byrja med dokker. Når eg formar dei, blir dei mine eigne, og når auga er komne i, blir dei levande for meg. Då byrjar eg å snakke med dei, humrar Åse Kari og fortel at dokkene ho ikkje beheld sjølv, gjev ho vekk til familie og vener.

Brutal beskjed

For eit tiår sidan merka den pensjonerte læraren at pusten ikkje lenger var som han hadde vore og at det blei tyngre å gå.

– Eg fekk hyppige lungebetennelsar etter at eg slutta å røyke. Mykje av lungene mine er øydelagde, seier ho og fortel at pusten er blitt gradvis verre dei siste åra.

I slutten av april i fjor vart ho kalla inn til sentralsjukehuset i Førde. Det meste av familien, mannen Knut, sønene Knut Stian og Thomas og dei to eldste barneborna var med. Dei blei møtte av sjukesøstrer og tre legar. Meldinga dei fekk var usminka og brutal. Legane estimerte at Åse Kari kanskje ikkje hadde meir enn eitt år att å leve.

– Eg er ikkje redd for å døy, eg er redd for å bli vekke frå dei næraste. Det er den verste tanken. Det er grusamt å tenkje på at eg ikkje skal få følgje opp barneborna framover, seier ho og viser til tenåringsjentene Mia og Oda, som bur på Sandane, og seksåringen Ole i Bergen.

Musikk og litteratur

Sjølv om tidsperspektivet er blitt vesentleg innsnevra, klarer Åse Kari framleis å glede seg over dei gode dagane, og ikkje minst alle dei gode minna ho ber med seg.

Saman med Knut har ho reist mykje. Dei har hatt fleire fine turar med bubilen det siste året. I tillegg til dei andre hobbyane, likar ho å høyre på musikk og lese.

– Musikk og litteratur betyr veldig mykje for meg. Når det er kome så langt at eg verken ser eller høyrer, men føler musikken, har eg funne musikken som er min. Litteraturen eg likar spenner veldig, frå historiske romanar og god lyrikk til engelsk krim. Eg klarer ikkje å leggje frå meg Ibsen, og når eg les «Du må ikke sove» av Arnulf Øverland, byrjar eg å grine. Diktet er like aktuelt i dag som i 1938, fortel Åse Kari og nemner Alf Prøysen, Tor Jonsson, Vera Henriksen og Nordahl Grieg som andre favorittforfattarar.

– Har mest vondt av Knut 

Ho er langt på veg i det året legane gav henne i april, men som ho sjølv seier:

– Mirakel skjer, og legane kan òg ta feil.

Forma er framleis relativt stabil.

– Eg synest eg er litt mindre uthaldande enn eg var i sommar, men det er ikkje mykje skilnad. Kulde må eg vere forsiktig med. Får eg ein lungebetennelse, er det slutt, seier ho og passar på å skryte av all hjelpa ho har fått under sjukdomsperioden:

–Vi har eit fantastisk hjelpeapparat, frå fastlege til heimesjukepleiarar. Eg var heldig som fekk Ole Lervik som lege i Førde. Han er jordnær og flink. Og så har eg Knut. Det er han eg har mest vondt av, at han såpass ung må gå att her åleine. Det er veldig sårt. Det var ikkje det som var meininga. Vi har veldig mykje til felles, og no skulle vi hatt vår tid.

Det er ikkje alltid livet blir som ein trur, tenkjer og meiner det skal bli.

Det kjenner Åse Kari og hennar næraste på kvar einaste dag. Men dei møter dagane som dei kjem og er glade for tida dei får ha saman.

– Eg har vore kjempeheldig som har hatt ein yrkeskarriere der eg ikkje har grudd meg til ein einaste dag, seier Åse Kari. Her har ho like godt innteke elevrolla bak ein pult i klasserommet.
Kollegiet ved Gloppen ungdomsskule har betydd mykje for den pensjonerte læraren. Her saman med Randi Hauge.
Åse Kari likar å måle. Mange av akvarellane har fått plass i eit eige rom ved sida av stova.