Heidi Fossheim Årdal driv Jølstramuseet på Vassenden og kunne tenkt seg meir kulturbasert turisme.

Ho vil ha meir kulturbasert turisme i Jølster

Namn: Heidi Fossheim Årdal

Alder: 55 år

Sivil status: gift med Frode

Bustad: Vassenden

Yrke: dagleg leiar på Jølstramuseet



 


  1. Kva likar du aller best å gjere i ferien?


– Eg likar å oppleve andre stader og andre menneske. Vi har ei hytte i Holmedal som vi brukar så mykje vi kan, og vi reiser også ein del i eige fylke. Nyleg var vi på tur med open bil, vi har ein Morgan, til Loen der vi tok skyliften til Hoven. Etterpå køyrde vi gjennom Stryn og over Strynefjellet til Lom. Returen gjekk over fantastiske Sognefjellet – ein flott tur.

 

  1. Kva blir høgdepunktet denne sommaren?


– Høgdepunkt for meg om sommaren er når vi har fullt hus her på museet, og eg får møte mange spennande menneske. Elles er det alltid eit høgdepunkt når barnebarnet Jørgen kjem på besøk.

 

  1. Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?


– Sommar for meg er god temperatur, mindre klede på kroppen og god aktivitet her i tunet.

 

  1. Kvar går turen om du skal trene eller trimme?


– Det er alltid noko å henge fingrane i her i tunet. Men blir det ledige stunder, går eg gjerne til støylane rundt her. Gjesdalsdalen og Gjesdalsstøylen er ofte brukt.

 

  1. Kva på heimstaden din er verd å vise turistar?


– Eg ville rett og slett teke dei med på ei rundreise i bygda og synt fram golfbana, skisenteret, Lunde, Stardalen, Astruptunet og Ålhus, for å nemne noko. I tillegg ville eg teke dei med til butikken til Kari Astrup Geelmuyden.

 

  1. Kva sak ville du ha sett på dagsorden viss du fekk vere ordførar i Jølster?


– Eg ville sett fokus på det estetiske, og då tenkjer på skogrydding langs vegane. Eg ville også prøvd å få fram særpreget til kommunen i turistsamanheng. Då tenkjer eg først og fremst på det historiske mangfaldet og dei som har levd før oss og skapt den kulturen vi lever i. Til slutt ville eg arbeide for å utvikle småbedriftene i kommunen, og eg ville ha fokus på det å skape aktivitet for eldre.

 

  1. Korleis ønskjer du at kommunesenteret Skei skal utvikle seg dei komande åra?


– Eg håpar at både Skei og Vassenden skal ta vare på særpreget sitt og engasjementet for tettstadene. Eg håpar også på at det skal utvikle seg eit meir allsidig kulturtilbod, samt at vi kan får ein kulturkontakt på kommunehuset som kan arbeide for meir kulturbasert reiseliv.

 

  1. Kva er favorittlektyren under parasollen?


– Eg tek alltid den første og beste boka av dei eg ikkje har lese. Det går stort sett i skjønnlitteratur, og no er eg nettopp ferdig med ei fantastisk bok som heiter «Perlen som sprengde skjellet» av Nadia Hashimi. Boka handlar om Afghanistan og nokre jenter som voks opp der – kulturskilnad av dimensjonar.

 

  1. Om du skal feriere i eige fylke, kvar reiser du?


– No har vi først tenkt å ta ein tur til Solund, sidan blir det Kalvåg. Eg vil oppleve kystkultur og ein del av dei mange, bortgøymde perlene vi har i dette fylket.

 

  1. Kven vil du gjerne dele eit måltid med?


– Det må bli ein eller annan som set ting i eit litt anna perspektiv enn folk flest. Thorvald Stoltenberg og Per Fugelli var døme på slike menneske. Men eg kunne også tenkt meg ein middag med Nikolai Astrup. Då ville eg ha spurt han om kva han og Engel hadde på menyen under bryllaupsmiddagen på Vassenden Hotell. Den menyen kunne eg nemleg tenkte meg å ha her i kafeen.

 

  1. Kven vil du sende ein blomsterbukett til?


– Til alle som hjelper oss med ting her i tunet. Det gjeld vener både her ikring og elles – mange fantastiske menneske.

 

  1. Kva er det modigaste du nokon gong har gjort?


– Det må no vel vere då eg sa opp ein fast jobb og bestemte meg for å ta over tunet her. Men eg har ikkje angra sjølv om eg heile tida er avhengig av eigen arbeidskapasitet for å få det til å gå rundt.

 

  1. Har du eit favorittplagg?


– Lause og ledige plagg, altså typiske sommarplagg er mine favorittar.

 

  1. Badar du helst i saltvatn eller ferskvatn?


– Det kjem alt an på kvar eg er. Eg badar like godt i ferskvatn som i sjø, men har ikkje prøvd Jølstravatnet så langt i år. Det kan det no bli ei råd med.

 

  1. Kva får deg i godt humør?


– Det kan vere så mangt, men humoristiske menneske, gjerne slike som har litt galgenhumor, får meg i godt humør. Så blir eg i godlag av å sitje ute i hagen og høyre på fuglekvitter. Små born og positive menneske får meg også til å smile.