Camilla Hole og saksofonen hennar tryllar fram flotte variasjonar og improvisasjonar over kjende folketonar.

Ho Jazza folketonane

Tjuvstartkonserten til Jazz på Jølst vart eit spennande møte med kombinasjonen av folkemusikk og jazz. Det sytte Camilla Hole trio for.



Camilla Hole er sjølvsagt breiming og har som så mange andre musikarar ei fortid på musikklina på Firda.

-Men eg har også spela i Breim skulemusikk og Gloppen janitsjar, fortalde ho etter konserten.

Jazza folkemusikk

Konserten på tidlegare Fjøsen på Skei, no Brunsj & Briller, vart ei fin stund der sopransaksofonen til Camilla Hole, assistert av  Fredrik Luhr Dietrichson på bass og  Knut Kvifte Nesheim på slagverk og vibrafon,  tok oss med på ei reise gjennom deler av den lokale folkemusikken, ikledd ei ny og jazza drakt. Konserten var basert på trioen si plate "Halvemål" som kom i fjor og der det mellom anna er med komposisjonar av både Gabriel Reed og Samuline Kvila.

Når vi høyrer musikken til Camilla Hole, så er det vanskeleg å seie om det er folketonane som er jazzifiserte, eller om det er jazzen som folketoneinspirert. Det dei to omgrepa glir over i kvarandre og dei utradisjonelle folkemusikkinstrumenta gir dei gamle folketonane ei ny drakt som fortel oss at folkemusikk også kan vere musikk for framtida, noko Camilla Hole har sagt i samband med musikken sin.



Tradisjonsmusikk i ny drakt

Plata "Halvemål" har ti melodiar, stort sett frå folkemusikkskatten i Sogn og Fjordane og det er imponerande korleis trioen tolkar musikken som har vore ført vidare i generasjonar, på sin måte, samstundes som dei har stor respekt for det opphavlege. Bruremarsj etter Samuline Kvila var eit godt eksempel på akkurat det, men den kanskje vakraste av melodiane som vart framførde, var Camilla sin eigen komposisjon "Julefortelling frå Breim" Den var til å komme i julestemning av og den burde ein eller annan lage  tekst til. Det ville i så fall blitt ein flott, ny  julesong.



Gabriel ville likt det

- Kva trur du Gabriel Reed ville sagt om han hadde vore her i kveld?, spurde vi Camilla etter konserten som vart svært godt motteken, men der det var lite breimingar å sjå.

-Eg håpar han ville likt seg, og det trur eg han hadde gjort, for eg har no forstått det slik at han var ein moderne og framsynt mann, svara Camilla som ikkje er framand for ny plate.

-Der er mykje å ta av, smilte saksofonisten som i november skal spele på Sandane og som håpar at breimingane tek turen då. Vi for vår del er sikre på at Gabriel Reed hadde applaudert konserten like mykje som det publikum på Skei gjorde i går kveld.

 

Fredrik Luhr Dietrichson frå Haugesund spelar bass i Camilla Hole Trio
Camilla Hole trio har ei spennande tilnærming til folkemusikken