Landskapsarkitekt Ingeborg S.Mellgren Mathiesen var både glad og vemodig ved tanken på at ho no er ferdig mmed forskingsrapporten sin.

Ho har kartlagt det opphavlege Astruptunet

-Dette er ein stor kulturskatt som må takast vare på, sa avdeligsdirektør for Sparebankstiftinga DNB si kunst og instrumentsamling, Anders Bjørnsen, då han onsdag introduserte prosjektrapporten om Astruptunet og hagen som landskapsarkitekt Ingeborg S. Mellgren Mathiesen har stått bak.



Sparebankstiftinga DNB kjøpte i 2005 den store Astrup-samlinga til skipsreiar Brynildsen. Dermed vart ein svært stor del av Nikolai Astrup sin kunst gjort tilgjengeleg for ålmenta. Den store samlinga er no disponert av Bergen Kunstmuseum/Kode.

Internasjonal interesse

I 2011 hadde Anders Bjørnsen med seg ei gruppe internasjonale kuratorar til Astruptunet for å teste interessa for kunstnaren og heimen hans.

-Det vart ein heilt spesiell reaksjon, fortalde Bjørnsen som dermed hadde sådd eit frø som snart tok til å spire og resulterte i serien med Astrup- utstillingar i London, Oslo og Emden i 2016, og starten på det prosjektet som har gått ut på å samle opplysningar om plantar og bygningar i tunet på Astrup si tid, og som har munna ut i rapporten som vart presentert onsdag.

Landskapsarkitekt Ingeborg S. Mellgren Mathiesen starta forskingsprosjektet sitt våren 2015 og gjennomførte registreringar i både 2015 og 2016.

Stor hage

Hagen til Nikolai Astrup var stor og han kombinerte pryd- og nyttevekstar på ein spesiell måte, ifølgje Mellgren Mathiesen.

-Takk for at de også såg at hagen er eit viktig kulturminne, sa ho med adresse Anders Bjørnsen og Sparebankstiftinga DNB som har finansiert arbeidet hennar og som også har gitt tydelege signal om at dei blir med vidare, når arbeidet med restaurering av hagen og tunet startar.

-Det var ein stor hage, og ifølgje plantelistene til Astrup, så var her over 2000 plantar, fortalde Mellgren Mathiesen som har som mål at det aller meste av desse skal på plass att.

-Om ca fem år håpar eg at vi ser ei blanding av ny og historisk hage her, sa landskapsarkitekten som rekna med at ho blir med vidare i prosjektet på eitt eller anna vis.



-Vi har god tid

Anders Bjørnsen ville ikkje seie noko om kva prislappen blir på det kommande arbeidet, men han visste at det vil bli dyrt.

-Vi er mentalt budde på at dette kjem til å koste, og vi er også budde på å vere med vidare når det gjeld finansiering, sa Bjørnsen som heller ikkje ville gje noko tidsperspektiv på arbeidet.

-Det viktigaste er å komme i gang, så får det ta den tid som må til. Vi har god tid, det er ingen ting som hastar.

-Kor mykje er du villig til å bruke på Astruptunet?

-Kommunen skal no setje i gang prosessen med å lage tilbodspapir og hente inn prisar, så får dei komme med søknad til oss etter kvart som dei får oversikt, var svaret frå mannen som skal vere med på å finansiere opprustninga av tunet som Mellgren Mathiesen både tidlegare og no, karakteriserte som ein unik kunstnarheim i internasjonal målestokk.

Krevjande person

Gjennom arbeidet med hageprosjektet, og gjennomgang av uhorveleg mykje kjeldemateriale har Ingeborg S. Mellgren Mathiesen også fått eit godt innblikk i personen Nikolai Astrup, korleis han tenkte og korleis han såg på samfunnet rundt seg.

-Han var krevjande å bli kjend med, men eg har funne ut at han mellom anna var ein tidleg miljøforkjempar og at han hadde mange kunstneriske evner. Hagen hans var ein del av livsverket hans, og han forma den som eit kunstverk. Han var ein uhyre facinerande person.

-Han var vel også litt av ein filosof?

-Ja, det var han absolutt.

Blir ein del av formidlinga

Direktør for stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge, var også til stades, og på spørsmål om korleis Sogn og Fjordane Kunstmuseum vil bli involverte i det vidare arbeidet i tunet, så svara han slik:

- Vi kjem til å bruke den kommande prosesssen i tunet som ein del av formidlinga vår , når det gjeld Astrup og kunstnarheimen. Såleis lyt vi vere i tett dialog med kommunen som eigar av tunet for å tilpasse oss.

-Det å bruke dette arbeidet som ein del av formidlinga har eg tru på, sa Kari Astrup, målaren sitt barnebarn som dagen før signerte avtale om å overdra småbruket som Astruptunet vart skilt i frå, tilbake til kommunen.

Glede og vemod

-Eg er veldig glad for at desse Astrup-arvingane har gitt dette arealet til kommunen, slik at eigedomen no blir som han var på Astrup si tid. Det gjer at vi kan vise fram heile livsverket hans, var kommentaren frå Mellgren Mathiesen som var både letta og litt vemodig over å vere ferdig med forskingsrapporten sin.

-Det var godt å endeleg få ut kunnskapen. Du har intervjua meg mange gonger om dette prosjektet og eg har ikkje kunna fortelje alt, det kan eg no.

Det korkje ho eller Anders Bjørnsen kunne eller ville fortelje om, var kva  som konkret skal gjerast i tunet. det einaste vi fekk vite er at arbeidet startar i haust med skifting av tak på galleriet. Resten av prosjektet, som er omhandla i eigen rapport, fekk vi ikkje innsyn i, grunna tilbodsprosess og andre forretningsmessige sider ved det vidare arbeidet.

Avdelingsdirektør i Sparebankstiftinga DNB, Anders Bjørnsen, Ingeborg S. Mellgren Mathiesen og tidlegare ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg kan glede seg over at arbeidet med opprustinga av hageprosjektet no kan starte.
Kommunalsjef Thor Ove Farsund vil få mykje å gjere med Astruptunet framover. Her i samtale med Bjarne Sunde som har utført mykje vedlikehaldsarbeid i tunet.