Rådmann Ellen Jensen i formannskapsmøtet torsdag.

Ho får litt meir å rutte med





I januar vart det klart at Jølster kommune vil få litt meir å rutte med i år enn det det er lagt opp til i budsjett og økonomiplan.





På budsjettmøtet i desember vart det vedteke kutt på om lag
ti millionar kroner, fleire av dei innan helse og omsorg. Torsdag fekk
formannsskapet på bordet framlegg til bruk av dei ekstra midlane.





Meir skatt og mindre renter





Skatteinngangen i fjor vart betre enn venta. Samstundes vart
rammetilskotet frå staten redusert grunna dårlegare folketalsutvikling enn stipulert.
I tillegg til dette vart eit lån for å finansiere tilskot frå Husbanken
innfridd, noko som fører til mindre finansutgifter. Alt i alt handlar det om
auka inntekter på i overkant av tre millionar kroner.





Rådmann Ellen Jensen serverte politikarane ein plan på korleis ho ville disponere midlane. Det gjekk på å redusere vedtekne innsparingar, mellom anna innan helse og omsorg. Det er nemleg ein del av dei vedtekne kutta som ikkje er sette i verk, og det var her rådmannen ville setje inn dei ekstra midlane. Det var såleis ikkje snakk om å reversere nedlegginga av dei to dagsentera, eller gå tilbake på andre vedtekne og realiserte kutt.





Ville utsetje





Steinar Dvergsdal opna debatten med å annonsere at Senterpartiet
ikkje ville bruke dei ekstra inntektene no, men vente til årsrekneskapen ligg
føre for å kunne dekke inn eventuelt underskot.





– Høgre er på line med Sp her, sjølv om det kunne ha vore freistande å legge desse midlane inn for å stanse vedtekne kutt, sa Kjell Navelsaker (H) og fekk støtte frå Arve Dvergsdal (Ap).





Rådmann Ellen Jensen minte om at ho, dersom politikarane ikkje ville bruke pengane no, måtte starte nedbemanningsprosessen og ikkje vente til april når årsrekneskapen truleg er klar.





Men Sp sitt framlegg om å utsetje bruken av pengane vart samrøystes vedteke.