Heim   >   Fylket   >   Ho blir ny regionvegsjef

Tone Oppedal skal fungere som regionvegsjef ut året.

Ho blir ny regionvegsjef

Tidlegare regionvegsjef Helge Eidsnes vart i vinter tilsett som lufthamnsjef på Flesland og har teke til i stillinga.

Som erstatning er Tone Oppedal sett inn som fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen Region vest. Ho skal sitje i stillinga ut året.

Ny organisasjon

Frå 1. januar neste år vil vegvesenet bli omorganisert og delt opp i divisjonar. Tone Oppedal vil fungere som regionvegsjef fram til då. Ho har lang fartstid i vegvesenet og har i det siste vore leiar for styrings- og strategistaben i Statens vegvesen, Region vest.

Tone Oppedal skal fungere som regionvegsjef ut året.