Hjortebestanden veks i milde vintrar

Milde vintrar og lite snø er positivt for hjortebestanden.


– Hjorten er definitivt ein «klimavinnar» som kjem godt ut av det milde vêret. Mellom anna fordi maten blir lettare tilgjengeleg, seier Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter på Svanøy utanfor Florø, til NRK.


Hjorteeksperten seier at det milde klimaet gjer at bestandane aukar, samstundes som hjorten spreier seg utover i landet.


– Færre snørike vintrar i store delar av landet gjer at hjorten spreier seg aust- og nordover. No er det hjort i store delar av Sør-Noreg, men også aust for Glomma og nordover til Lofoten. Det er ganske imponerande når ein tenkjer på korleis det var for berre 30–40 år sidan.


Men høgare temperaturar byr også på utfordringar.


– Det er også positivt for ein del parasittar, som vi er vane med om sommaren, som no også overlever vinteren, som kan skape sjukdom på hjortedyra, seier Solheim.


Mildvêret gjer dessutan at elg og reinsdyr, som er betre tilpassa kaldt klima og mykje snø, mister konkurransefortrinn på hjorten i matfatet. (©NPK)