Lysstøyping under julemarknaden 2018.

Historisk sus over julemarknaden

Tre timar fullpakka med julestemning, julehandel og juleaktivitetar ventar på Nordfjord Folkemuseum søndag 1. desember.

– I år utvidar vi også utstillingane våre, og har pynta til jul i fleire av husa i friluftsmuseet. Noko av oppgåva vår som museum er å formidle kulturhistoria gjennom tidene, og det er kjekt å kunne opne opp og vise fram fleire av husa, seier avdelingsdirektør Anne Kristin Moe i ei pressemelding.

Juleverkstad

Mange lokale produsentar av mat og andre produkt tek også turen til folkemuseet denne dagen, så det er mykje å velje mellom for dei som vil ha lokalprodusert mat eller julegåver.

Bøker, strikka plagg og produkt, spekemat, skinn, sveipa produkt og lokalprodusert såpe er berre noko av det seljarane tek med seg.

I tillegg blir det juleverkstad, støyping av lys og sal av sveler, allergivenleg kaffimat og rømmegraut. For dei som ønskjer, er det også tilbod om køyring med hest og ein kan få klappe sauene i fjøsen.

Viser fram tradisjonane

Årets juleutstilling på museet er juletre. Der kan publikum sjå korleis eit juletre ville vere pynta frå treet kom inn i norske stover for nær 200 år sidan og fram til i dag. Tradisjonen med juletre går tilbake til kring 1820, men mange andre juleførebuingar har lange tradisjonar. Til dømes mattradisjonane.

Maten og drikka ein hadde i julehøgtida var noko heilt anna enn det folk brukte i det daglege. Det grove flatbrødet vart bytt ut med fine lefser, og andre typar brød, og med jarnomnen på slutten av 1800-talet vart småkakene ein del av julebaksten. Kjøtet skulle vere feittrikt og ølet sterkt. I katolsk tid var det fisk til middag juleaftan, medan kjøtet først kom på bordet første juledag. Bruken av fårekjøt går attende til 1700-talet, medan svineribba sin gullalder er etter krigen, då den elektriske komfyren var på plass i norske heimar.  Den ferske kjøtmaten skulle også stå på bordet i høgtida.

– Mange av desse tradisjonane er tidkrevjande, og ikkje mogeleg å vise i sin heilskap på éin dag. Vi vil likevel vise delar av prosessen og fortelje om både ølbrygging og luting av fisk. Kanskje kan det inspirere nokre til å ta opp tradisjonane når dei besøkjer oss, seier Moe.