Illustrasjonsfoto: Kjøsnesfjorden Kraftverk i Jølster under bygging.

Historisk resultat for Sunnfjord Energi

Konsernet Sunnfjord Energi fekk eit årsresultat på 163 millionar kroner i 2018 mot 85 millionar i 2017.

Dette er historisk høgt, og skuldast ein kombinasjon av høge inntekter frå kraftproduksjon, sal av andel i Stakaldefossen Kraftverk og fusjon av kraftsal med SFE Kraft. Tilbakeføring av tidlegare nedskrivingar av kraftanlegg har også bidratt til det gode resultatet, skriv konsernet i ei pressemelding.

Korrigert for eingongseffektar i form av vinstar ved utskiljing av kraftverk, fusjon av kraftsal, nedskriving og reversering av tidlegare års nedskrivingar, som ikkje har gjeve kontanteffekt, er underliggande resultat i konsernet 91 millionar mot 64 millionar i 2017.

Unormalt høg kraftpris og historisk høg elsertifikatpris er hovudårsaka til betring av resultatet frå den underliggande drifta på produksjon. 2018 var forøvrig det første året ein kan setje av utbyte i Kjøsnesfjorden Kraftverk til dei to eigarane Sunnfjord Energi og BKK, som samla får 62 millionar.

Resultat frå underliggande drift frå nettverksemda er noko betre i forhold til 2017, medan telekom har gitt eit noko svakare resultat enn fjoråret.

Ein er i gang med utbygging av nytt kraftverk i Jølster. Utbygginga vil gje over 200GWh ny kraft og halvparten er eigd av Sunnfjord Energi. Selskapet har store investeringsbehov knytt til dette prosjektet og til modernisering av nett og eldre kraftstasjonar.

Styret i Sunnfjord Energi as tilrår ei auke i utbyte til eigarane frå 14 millionar kroner i 2017 til 25 millionar kroner i 2018.