Home   >   Nyhende   >   Historisk lågt tal på landbruksbrannar

Slik kan det sjå ut når flammane tek ein driftsbygning. Foto: Norges Bondelag.

Historisk lågt tal på landbruksbrannar

Talet på erstatningar for landbruksbrannar blei historisk lågt i 2017. Auka satsing på el-kontroll med varmesøkjande kamera og utbetring av brannfarlege el-feil får mykje av æra til nedgangen.

Det skriv Norges Bondelag i ei pressemelding.

I 2017 blei 137 driftsbygningar skada i brann. Det er 30 prosent færre enn gjennomsnittleg tal på brannar dei siste fem åra. Det er òg over 30 prosent nedgang i brannskadeerstatninga

– For å finne tilsvarande skadeutbetalingar for landbruksbrannar må vi tilbake til år 2007, seier Pål-Arne Oulie, som er styreleiar i Landbrukets brannvernskomité, i pressemeldinga.

Landbrukets brannvernskomité har tidlegare påvist at to av tre branntillaup i landbruket har elektrisk årsak. Sidan 2014 har dei difor satsa på forsterka el-kontroll med varmesøkjande kamera i driftsbygningar.

– Sidan satsinga på brann- og el-tryggleik starta i 2014 har 2.500 bønder gjennomført denne forma for el-kontroll og utbetra brannfarlege avvik. Mange av desse har fått tilskot på 5.000 kroner for tiltaket. I tillegg til satsinga på el-kontroll, har eit nytt krav i 2017 om varsling av brann til mobiltelefon gjort at særleg mange husdyrbønder har montert telefonutringing frå brannalarmanlegg, fortel Oulie.

I 2017 hadde driftsbygningar for første gong lågare forsikringsutbetalingar for brannskadar enn bustadhus på gardsbruk. No vil òg el-kontroll med varmesøkjande kamera bli innført for bustadhus i landbruket.