Berre 23 born vart fødde i Jølster i år. Rekorden er nær 50.

Historisk lågt fødselstal i Jølster

Den tradisjonelle smykkeutdelinga for nyfødde i Jølster, vart torsdag avvikla for tiande gong. Vanlegvis skjer dette i slutten av Januar, men grunna avviklinga av Jølster kommune, gjekk utdelinga for 2019 føre seg i samband med siste kommunestyremøtet



Etter at jordmor og helsestasjon hadde gjort opp status, så synte det seg at berre 23 born vart fødde i Jølster i år. No er det riktig nok vel to veker av året, men talet er likevel historisk lågt. Til samanlikning kom det 41 born til verda i Jølster i fjor.

Uviss årsak

Kva som er årsaka til denne svake ynglesesongen er ikkje godt å vite og heller ikkje ordførar eller jordmor kunne gje noko svar på det. Men jordmor Siv Indrebø hadde i alle fall visse håp om betre resultat neste år.

- Veit du omtrent kor mange som kan bli fødde neste år?

-Nei, det veit eg nok ikkje, men det er ting som tyder på at det blir ein del fleire enn i år.

-Det er med andre ord sådd ein del frø?

-Ja, du kan seie det slik.

Rekorden når det gjeld fødslar i Jølster i nyare tid er ifølgje ordføraren nær 50, og skriv seg frå slutten av nittitalet.