Framme frå venstre Ottar Berg nr 1 i venstre, nr 3 i høgre + 80 kg masterkl,  Raymond Lillemo nr 1 i venstre, nr 5 i høgre + 95 kg,  Tom Erik Berg nr 3 i venstre, nr 3 i høgre + 95 kg seniorkl. Bak f.v.: Jan-Erik Sunde nr 3 i høgre, nr 4 i venstre - 80 kg masterkl. nr 4 i høgre senior - 78 kg,  Jørn Kjelsnes Frivik nr 2 i open handicapkl, Torbjørn Vollan nr 2 i høgre, nr 5 i venstre master - 80 kg masterkl.

Historisk handbakresultat i Nordisk

-Dette er historisk, det har aldri tidlegare skjedd at alle har komme heim med medalje frå eit meisterskap. Men det skjedde denne helga då seks utøvarar tok med seg åtte medaljar, fortel Ottar Berg i Jølster handbakklubb.



Det var i Trondheim at den opne nordiske meisterskapen gjekk av stabelen i helga. Forutan brytarar frå dei nordiske landa, var der også med nokre frå Russland, og Ottar Berg er sjølvsagt svært så godt nøgd med resultatet.

Medaljedryss

- Det er ganske nær opp til VM dette, og det er nok slik at ein del av deltakarane hadde det meisterskapet, litt i armane. Slik sett hadde vi kanskje nokre fordelar sidan vi stilte med nokre som ikkje hadde vore med i VM. I VM hadde vi litt stang ut, denne gongen gjekk det meir vår veg. Slik er det i denne bransjen, det jamnar seg ut over tid, seier Berg som sjølv kom heim med ei gull og ei bronse i masterklassen over 80 kg.

Gull vart det også på Raymond Lillemo i den tyngste seniorklassen. Jørn Kjelsnes Frivik tok sølv i open handicapklasse, det same gjorde Torbjørn Vollan i master inntil 90 kg. så vart det to bronse til Tom Erik Berg og ei til Jan-Erik Sunde.