Hestehandel eller brei semje

Lesarinnlegg av Per Gunnar Stensvaag:

Sidan dei blå-blå tiltredde i 2013, har Noreg lidd av kraftig reformpsykose. Milliardane renn ut i omstillingskostnadar medan strukturendringar vert gjennomførte i eit tempo så heseblesande at svingar vert kutta kva gjeld ordentlege utgreiingar og sedvanlege høyringar. Truverdige grunngjevingar, folkeleg støtte og entusiasme er óg mangelvare. Toppstyrte og sentraldirigerte prestisjeprosjekt har ein lei tendens til å skapa eit himla spetakkel og føre til eit dårleg resultat, særskilt når det heile har sin bakgrunn i politisk hestehandel. Alt bør ikkje nødvendigvis vera som det er, men samfunnsendringar går seg lettare til om ynsket kjem nedanfrå, etter ei mogningstid og når det herskar brei semje om saka.

I den grad grasrota og lokalpolitikarar har vorte tatt med på råd, har det sanneleg også florert med tvilsame gulrøter, utilbørlege piskeslag og trugsmål om økonomisk strupetak. Føringane frå sentralt hald har i kommune- og regionreformene vore så sterke at den lovpålagde innbyggjarinvolveringa har fått eit stygt preg av «friviljug tvang». Dette skinndemokratiet er berre overgått der rein og skjær tvang er vorten nytta når folket, kommunestyret eller fylkestinget har vore gjenstridige. Då var det brått høveleg å visa til det representative demokrati. «All makt i denne sal», heiter det jo, men i dette tilfellet vart makta flytta til eit bakrom i same bygning. Dei sokalla Tvangsgutane handla hestar slik at tilsynelatande tilfeldige kommunar og fylke vart klint i hop utan magemål og meining.

I «demokratiske» avgjerdsprosessar har ikkje berre ovannemnde faktorar betydning. Der fleire enn to alternativ ligg føre, kan metode og rekkjefylgje i røystinga vera avgjerande. Det vart tydeleg demonstrert under KrF sitt landsmøte der raud side fekk 84 røyster, blå 76 og gul 30. Som i eit fransk presidentval rauk då gult ut før dei to andre kjempa i den avgjerande runden. Der vann som vi veit, blått med knapp margin over raudt. Så kan ein spørja om det gjev det riktigaste og mest salomoniske utfall? Kva om ein i staden sette to og to opp mot kvarandre og ga poeng som i fotballen sitt seriesystem? Gjeve at dei fleste både raude og blå hadde gult som andreval, ville det gule alternativ ha sigra i begge sine kampar og KrF hadde vorte verande i opposisjon. Mangelen på brei semje attom retningsvalet har ført partiet ut i djup indre splitting og nedover på meiningsmålingane.

Dramaet i KrF fekk minutt for minutt-dekning. Uheldige avrøystingar om framtida til mange kommunar gjekk under radaren til riksmedia. Ta til dømes Sande i Vestfold med sine 9400 innbyggjarar! I folkerøystinga vart det spurt om kommunen burde bestå eller slå seg saman med andre samt om dei i sistnemnde tilfelle ville nordover eller sørover. Fleirtalet røysta for framleis åleinegang, og godt var det. I det eventuelle retningsvalet var nemleg folket delt så godt som på midten.

Saka var altså avgjort. Trudde ein. Dåverande kommunalminister Sanner ville det nemleg annleis. Han nekta å ta eit nei for eit nei både her og elles i landet. Til Vestfold reiste han eigenhendig med eit bodskap om at dette ikkje var godt nok. Gode nok var heller ikkje landkommunane i fylket. Einaste von var å leggja seg inn under næraste by. Språket i reformene sine råe prosessar var egna til å gje framtidstrua og sjølvtilliten ein knekk hjå nokon og ein kvar. I Sande lukkast han ikkje berre med at saka vart teke opp på nytt, men også med at sjølvstendelina hamna i mindretal i ei ny folkerøysting. På spørsmål 2 vann så Holmestrand over Drammen. Her er det óg all grunn til å anta at dei fleste som røysta for respektive retning, ville gått inn for at Sande skulle ha bestått framfor samanslåing med den andre byen. Sjølvstendealternativet ville altså ha vunne klart sett opp mot kva som helst av dei andre åleine. Med tilnærma like mange røyster på kvart av dei to spørsmåla vil ein i verste fall få vedtak berre 25% av folket eigentleg ynskjer. Fleire kommunar vart strokne av Noregs-kartet grunna denne type manipulerande metodikk, eller endå verre; at det å bestå ikkje eingong sto på røystesetelen.

Høgre og FrP har med store ord og feitt flesk presisert kor viktig det er å gje næringslivet føreseielegheit. Dette gjaldt også pelsdyrbøndene. Båe parti har programfesta og gjekk til val på at næringa skulle bestå. For dette var det også fleirtall på Stortinget. Med strenge krav om dyrevelferd tyda difor alt på at bransjen hadde ei framtid her i landet. Så trødde Venstre inn i regjeringa. Her kan det vera freistande å byta ut «hestehandel» med «revestrekar», Fylgja vart avvikling av pelsdyrnæringa. Importforbod vert det derimot ikkje. Soleis vert marknaden utvida for produsentar i land kor dyra er mindre domestisert og velferda mykje dårlegare. Dette var Erna sin morgongåve til Venstre i regjeringsforhandlingane. Med statsministeren sin flørt med høgresida i KrF gjorde ho også abortlova til ei handelsvare. Skulle salet føra fram, vil vi få ei lovendring med rekordlåg oppslutnad både i nasjonalforsamling og folk.

Finnmark sin kamp for å bestå som eige fylke synleggjer noko av det aller verste vi har sett av reformgalskap, for kven er eigentleg for desse samanslåingane? I KrF med Hareide i spissen er det stor motstand, og hadde partiet gått til venstresida, hadde det vorte reversering. Høgre og FrP har servert høgtravande snakk om fleire oppgåver, meir makt og styrka demokrati. Kor truverdig er det når dei primært vil fjerna regionalt nivå, og kor hult lyder det vel ikkje når sokalla demokratiske nyvinningar vert gjennomført mot folkeviljen? I botn og grunn er det berre minipartiet Venstre som har fått eit regionkart etter eige ynskje med mastodonten i nord, Vestland som ein tiltakande verkebyll og Viken som det mest openberre misfosteret i aust. Utsiktene til direkte dysfunksjonelle einingar gjev berre ei von: Kan hende vert det ein vekkar som gjer at det for framtida vert mindre hestehandel og meir brei semje.