Runar Gåsemyr og GHK kan langt på veg sikre opprykket i helga.

Herrane til GHK gjorde første del av jobben

GHK toppa før helgas kampar tabellen og med siger i begge bortekampane ville dei i praksis vere klare for opprykk til 2. divisjon.

Første del av jobben handla om å slå NHHI, noko dei raudkledde klarte. Etter full tid sto det 23-26 i målprotokollen og dermed to nye poeng. For damene vart det der i mot eit knipe tap for same motstandar, resultatet vart 26-25.