Her vart det ikkje kravd buplikt





Utval for Plan og Utvikling i Jølster hadde måndag ein konsesjonssøknad litt utanom det vanlege til handsaming.





Det handlar om det norsk-franske paret Guillaume Abel
Louis  Malis og May Therese Heggheim som
søkjer konsesjon for overtaking ev eigedomen Bergtun gnr. 23 bnr. 10 på Befring
i Stardalen. Eigedomen ligg innanfor eit LNF-område i kommuneplanen sin
arealdel. Det vil seie at eigedomen skal nyttast til landbruksføremål.





Allereie på plass





Sambuarparet Heggheim-Malis bur allereie i Stardalen, saman
med to barn. Paret er eigar av gnr. 23 bnr. 25 på Befring, som dei kjøpte i
2018. Dette er eit tun som er skilt i frå gnr. 23 bnr. 3. Her held dei på å
pusse opp det gamle våningshuset. Dei ser føre seg at huset skal tene som
familien sin bustad. Det vil seie at dei ikkje vil busetje seg på bnr. 10 som
dei no søkte konsesjon på.





Dette er eit bruk som i mange år har stått tomt, og konsesjonssøkjarane har gjort avtale med dødsbuet etter førre eigar om kjøp av eigedomen til takstpris på 319 000 kroner. Jorda har dei siste åra vore vekkpakta til nabobruket som skal halde fram å leige dei første åra. Det bruket som sambuarparet kjøpte i fjor vart i si tid skilt frå bruket som no leiger jorda til bruket dei vil kjøpe.





Ressurssvakt





I saksutgreiinga skriv rådmannen følgjande:





– Dagens krav til areal, maskiner og bygningar i landbruksnæringa tilseier at bruket må reknast som relativt ressurssvakt. Rådmannen ser det ikkje som realistisk at tradisjonell jordbruksdrift kan gje noko «fulltidsinntekt» frå bruket. Sjølvstendig jordbruksproduksjon kan likevel gje noko inntekter til eigarane, på sikt, men ikkje utan relativt store investeringar.





Det søkjarane ser føre seg, er ymse former for nisjeproduksjon litt fram i tid. Fjøsen, som er meir eller mindre kollapsa, vil dei rive, og på sikt bygge ny. Der har dei planar om å ha ullgris som skal gå i utmarka om sommaren og elles skal fôrast på økologisk fôr, dyrka på bruket.





Skikka som bønder





Sjølv om dei to søkjarane ikkje har landbruksfagleg
bakgrunn, meiner rådmannen likevel at dei er skikka til å overta eigedomen.





– Dei er unge og motiverte for å drive småskala matproduksjon (og eventuelt turistverksemd) på bruket. Rådmannen legg til grunn at paret er skikka til å skaffe seg naudsynt kompetanse. I tillegg må dei skaffe seg kapital til å investere i hus og reiskapar. Dette kan ta tid. Drifta av eigedomen kan likevel takast i vare, så lenge paret er innstilt på at eigedomen vert leigt vekk i mellomtida, heiter det i saksutgreiinga.





Paret fekk konsesjon utan debatt og buplikta vart denne gongen sett gjennom fingrane med, sidan dei skal bu 300 meter unna tunet på bruket dei skal kjøpe. Våningshuset på bruket dei får konsesjon på, er i dårleg stand og vil koste svært mykje å setje i stand, heiter det.