Her skal det asfalterast i sommar. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Her skal det asfalterast

Asfaltsesongen i Staten vegvesen startar i april og gjennom sommaren skal fleire strekningar langs våre vegar asfalterast.

På kartet over har vegvesenet teikna inn kva strekningar i området som skal få ny asfalt i løpet av sommaren.

Vegvesenet skriv at asfalteringa skal starte i slutten av april og vil vere ferdig innan utgangen av oktober. Med tanke på trafikktryggleiken skal mykje av arbeidet skje på sein kveld og nattetid. Statens vegvesen har ansvaret for riks- og fylkesvegane.

For å sjå kvar Statens vegvesen elles har tenkt å asfaltere har dei lagt alt inn i dette kartet.