Kari Astrup signerer avtalen om Arealoverføring til Astruptunet.

Her signerer dei avtale om meir areal til Astruptunet

- Sidan vi kjøpte tunet tidleg på 60-talet, vil eg påstå at vi har forvalta eigarskapen på ein brukbar måte, sa ordførar Oddmund Klakegg då han i kveld (tysdag) inviterte til signering av avtalen om overtaking av areal til Astruptunet som vi har fortalt om tidlegare i dag. 



Med på seremonien var Kari Astrup, den eine av dei to søstrene Astrup som har gitt innmarka og utmarka ovanfor tunet til kommunen, og Ingeborg S. Mellgren Mathiesen, landsskapsarkitekten som har arbeidd med prosjektet som går på restaurering av hagen, sikring av tunet mot erosjon og sikring av bygningane m.m.

Gjensidig nytte

- For å realisere planane våre, og dei er ganske ambisiøse, så trengde vi meir areal. Vi såg oss om etter areal, så då tilbodet frå søstrene Astrup kom, så kom det akkurat til rett tid, sa ordføraren som ikkje la fingrane mellom når han snakka om hageprosjektet.

-Vi har som mål at hagen i Astruptunet skal bli den viktigaste i landet, sa Klakegg som også rosa gjevarane som hadde godteke framlegget til avtale utan ein einaste kommentar.



-Vi høyrde om planane for Astruptunet gjennom Ingeborg S. Mellgren Mathiesen og folk frå sparebankstiftinga. Det vi høyrde gjorde at vi fann ut at vi og dei som står bak dette prosjektet hadde samanfallande draumar om kva vi ønskte om framtida til Astruptunet. Dermed signaliserte vi interesse for å overlate denne eigedomen vår til kommunen. Dermed har vi fått til ei ordning som er til beste for alle partar, sa Kari Astrup etter at ho hadde signert avtalen.

- Vi har fått ei avtale som alle har nytte og glede av, sa Kari Astrup etter at ho hadde signert avtala med kommunen.
Ingeborg S. Mellgren Mathiesen, Kari Astrup og direktør for stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge i Astruptunet i samband med avtalesignering.