Her er flåten med utstyret som skal brukast til å heve bilen.

Her er utstyret som skal heve bilen

Bilen som vart teken av raset på sørsida av Jølstravatnet 30. juli skal no endeleg hevast, eller i alle fall skal det prøvast å heve den.



Det er det Haugesund baserte selskapet Norwegian Tunnel Inspection som har fått arbeidet med hevinga, etter at politiet tidlegare i haust hadde ei tilbodsrunde og seinare fekk midlar til hevinga.

Flåten på vatnet

I dag, måndag, var selskapet på plass på Strand der dei sette flåten på vatnet og lossa diverse utstyr som skal brukast. Sjefen for operasjonen villle ikkje ut med namn, så langt, men sa at dei reknar med å komme seg ut til posisjonen til bilen i morgon.



-Det er eit veldig spesielt oppdrag og vi håpar inderleg at vi lukkast slik at dei etterlatne og bygdesamfunnet får dei svara dei manglar. Det er ein vanskeleg jobb og vi reknar med at der er ein del lausmassar som må fjernast før vi eventuelt kan få opp bilen, fekk vi høyre. Elles vart det opplyst at det er vinsjen ombord på flåten som skal brukast til å heve bilen når den tid kjem.

-Vi har ikkje så mykje å fortelje før vi kjem ut i veka. Men vi skal i alle fall gjere det vi kan, vart det sagt.

 

 

Her er flåten med utstyret som skal brukast til å heve bilen.
Flåten til land på Strand.