Heim   >   Fylket   >   Helse vest vil legge luftambulansesentralen i Bergen

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix /NPK.

Helse vest vil legge luftambulansesentralen i Bergen

Etter lang tid med splitting internt i Helse vest vel leiinga no å legge luftambulansesentralen til Haukeland framfor Stavanger universitetssjukehus.

Dei to universitetssjukehusa har òg vore usamde seg imellom om kva for kriterium som skal avgjere plasseringa av den nye AMK-sentralen for luftambulansane, skriv NRK.

Stavanger universitetssjukehus har hevda at luftambulansesentralen primært er ein flygeleiarrolle, noko sjukehuset har den beste kompetansen på. Haukeland har på si side meint at det først og fremst handlar om akuttmedisin, og har argumentert for at dei har det regionale traumesenteret.

– Vi meiner ei handfull menneskeliv kan sparast kvart år viss alle luftambulansar på Vestlandet blir styrt frå Haukeland, har leiar Øyvind Østerås av akuttmedisinsk avdeling i Helse Bergen uttalt til Bergens Tidende.

Stavanger har frå før av rolla som såkalla regional AMK-sentral og koordinerer alle AMK-sentralane ved større hendingar. Helse Vest-leiinga foreslår no at både denne koordineringa og luftambulansefunksjonen blir samla ved Haukeland.

Den nye sentralen vil koordinere alle luftambulansane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og styret vil gjere endeleg vedtak om plasseringa neste veke. (©NPK)