Kvar du bur i landet har stor innverknad på kor raskt du får blokka ut tette blodårer etter eit hjarteinfarkt. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Helse Førde kjem dårlegast ut

Kvar i landet du bur har stor innverknad på kor raskt du får hjelp til å opne tette blodårer ved eit eventuelt hjarteinfarkt. Dårlegast ut kjem Helse Førde. Der får berre 7 prosent av hjartepasientane hjelp til å opne tette blodårer innan tilrådd tid.


– Det er utilfredsstillande at så få får behandling innan tidskravet. Sogn og Fjordane har lange reisevegar og dårleg vêr. Vi har trudd at vi har fått pasientane til Haukeland i tide, men ting tek lenger tid enn vi trur, seier fagdirektør Kristine Brix Longfellow i Helse Førde til NRK.


I landet sett under eitt får 40 prosent av pasientane naudsynt behandling innanfor tilrådd tid. Oslo og Akershus kjem best ut. Der får over 70 prosent av hjarteinfarkt-pasientane hjelp til å opne blodårer innan tilrådd tid.


– Ved å opne blodåra så raskt som råd kan ein berge liv og redusere skadeverknadane, seier professor og leiar for hjartemedisinsk avdeling Sigrun Halvorsen ved Ullevål sjukehus til statskanalen.( ©NPK)

Delen hjarteinfarktpasientar med tett blodåre som får behandling innan tilrådd tid. Foto: skjermdump frå Norsk Hjarteinfarktregister.