Jølster-kaptein Bård Sandnes. Arkivfoto..

Heimekamp for Jølster, STIL spelar borte

Jølster sitt 5. divisjonslag møter Sogndal 3/Fjøra 2 på Skei søndag. Sandane spelar borte mot Førde 2 same dag.

Jølstringane har levert ein svært god vårsesong og ligg berre poenget bak serieleiar Skavøypoll. Motstandarane frå Sogndal ligg tredje sist med berre fire poeng på åtte kampar.

Dette oppgjeret bør resultere i tre nye poeng til dei grøne og svarte frå Astrup-bygda.

Sandane har hatt en variabel vårsesong. Etter ein god start, rauk laget på tre strake tap før dei slo tilbake med heile 8-0 heime mot Anga sist.

Motstandar Førde 2 er tabellnabo og vil heilt sikkert gje sandensarane ein tøff kamp. Det er vanskeleg å tippe utfallet av denne kampen, men vi kryssar fingrar for at STIL kan ta sommarferie etter ein ny siger.