Håvard Hetle. Pressefoto.

Håvard kan bli Årets fotballtalent

Breimning og stortalent Håvard Hetle er nylig handplukka som ein av seks talent som kan bli kåra til Årets fotballtalent av NFF, TV 2 og Equinor Morgendagens Helter. Tidlegare vinnarar av den prestisjefylte prisen er mellom andre Martin Ødegaard og Mads Møller Dæhlie.

Den talentfulle keeperen som no er utleigd til Stryn frå Sogndal, er mellom dei seks nominerte frå både gute- og jentefotballen som kjempar om å bli kåra til Årets fotballtalent. Det er ein jury beståande av Brede Hangeland, Jesper Mathisen og Solveig Gulbrandsen i samarbeid med Equinor Morgendagens Helter som har nominert dei seks fotballtalenta.

– Equinor årets fotballtalent handlar om å løfte fram morgondagens fotballheltar, og gje dei ekstra motivasjon til å fortsette den gode utviklinga. Håvard er ein veldig god rollemodell for andre med den gløden, innsatsen og læringsilja han viser både på og utanfor bana, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef i Equinor Morgendagens Helter, i ei pressemelding.

Drøymer om A-landslaget
15-åringen sin store draum har utvikla seg i takt med talentet, og han drøymer no om ein gong å spele for A-landslaget. Hetle skildrar seg sjølv som ein leiartype på bana, og er overraska over nominasjonen.

– Det er veldig overraskande og kjekt å bli nominert til Equinor årets fotballtalent. Det er ikkje så ofte ein blir nominert til slike priser, sier han.

Vinnaren stikk av med tittelen som Norges største fotballtalent og får ein draumedag med A-landslaget. Årets fotballtalent mellom jentene blir kåra av TV 2 sine fotballekspertar den 16. november, medane gutane blir kåra 19. november.

Håvard Hetle.