Home   >   Nyhende   >   Haustjakt på boss

I helga blir vi oppfordra til å plukke søppel. Foto: Max Lander.

Haustjakt på boss

Mange har allereie vore ute og rydda boss, men det er framleis mykje att i naturen. Hold Norge Rent inviterer derfor til ny, felles innsats og bossjakt den 15. september.

Denne datoen er det både International Coastal Cleanup Day og World Cleanup Day (internasjonal kystryddedag og verdsryddedag), og over heile verda skal mange hundre tusen frivillige ut og rydde strender, havbotn, vassdrag, stiar, parkar og andre stader frie for avfall på avvegar.

Her i Noreg inviterer organisasjonen Hold Norge Rent til endå ei haustjakt på avfall på avvegar under kampanjen «Hold høsten ren» som går av stabelen 10.–16. september. Til no er det registrert 200 aksjonar og over 5.000 frivillige ryddarar.

Det er tredje året på rad at det vert ein landsomfattande ryddedugnad på hausten her i landet. Etter stort søkjelys på havforsøpling i vår, rettar Hold Norge Rent no søkelyset mot forsøpling i innlandet.

– Du og eg som forbrukar står for den største delen av det vi finn når vi er ute og ryddar. Derfor ønskjer vi å vise koplinga mellom kjeldene til forsøpling i innlandet, og det vi finn langs strendene, seier dagleg leiar, Lise Gulbransen.

Avfall kjem på avvegar heile året, og jo oftare vi ryddar, jo meir avfall får vi samla inn. Rydding om hausten beskyttar også dyrelivet og bidrar til nødvendig opprydding før neste års hekkesesong.

Hold Norge Rent oppfordrar til haustrydding både ved kysten og langs vassdrag og innsjøar så vel som langs stiar og i turområde. Viss det ikkje passar å rydde i perioden 10.–16. september, står folk fritt til å rydde når det skulle passe. (©NPK)