Hinsidige Mc har ni medlemmer som alle køyrer Harley

-Harley betyr å nyte livet

Terje Styve frå Jølster er leiar for MC-klubben "Hinsidige MC". Klubben med ni medlemmar arrangerte i helga Mc-treff med over 150 deltakarar. Klubben har medlemmer frå Sunnfjord, Voss og Karmøy.



Det kom motorsyklar frå store delar av Vestlandet, i tillegg til Austlandet og tre karar som hadde teke turen heilt frå tyskland for å få med seg MC-treffet i Jølster skisenter.

Harley Davidson

For dei sju mennene og to kvinnene i "Hinsidige MC" er det kun dei amerikanske ikon-syklane Harley Davidson som gjeld og det var stort sett Harley vi såg opplina på parkeringsplassen ved Jølster skisenter.

-Om vi reknar tre-fire syklar på millionen, så står det nok syklar for rundt sju millionar berre her, og dette er på langt nær alle som er på treffet, fekk vi høyre.

-Kvifor Harley og ikkje noko anna?

-Kvifor komme med eit slikt spørsmål? Harley handlar om lyd, om komfort og det å daffe avgarde. Det handlar om å nyte livet seier Terje Styve og får støtte frå sambuar Anne Marit Sunde som kallar seg bikerdame og er ein av to kvinnelege medlemmer i klubben. Den andre er Anne Merete Vike frå Voss. Klubben er faktisk den einaste Harley-klubben i landet som har opna for kvinnelege medlemmer.

- Det er vi litt stolte av fortel gjengen som i helga har hatt mc-vener frå fjern og nær på besøk for sosialt samvær, motorsykkelprat og dans til levande musikk der alle var velkomne til å vere med.

-Målet med eit slikt treff er først og fremst å ha det moro, sa Lars Ole Grevle frå Voss.



Støttar kreftforsking

Mc-treffet handlar også om å feire klubben sitt ti-års jubileum. Slike treff er ein vesentleg del av aktivitetane for ein mc-klubb får vi høyre. Det var Terje styve som starta klubben i si tid og han er klar på at om der er nokon som vil gje klubben ei gåve i samband med jubileet, så kan dei gje pengar til kreftforskinga.

-Vi er også registrerte som organisasjon som kan få grasrotmidlar, så er nokon som lurer på kva dei skal donere grasrotandelen til, så tek vi i mot, smiler Knut Kvisle, også han frå Voss. Kvisle er også klar på at dette med treff er så pass viktig at klubben for to veker sidan var på eit treff i Tyskland.

-Vi går ikkje av vegen for ein tre dagars tur til Tyskland for å få litt moro, det går heilt fint, fortalde Kvisle som er ein av fire medlemmar frå Voss.

 

 

 

Terje Styve i Mc-klubben Hinsidige MC. Her i lag med Lars Ole Grevle frå Voss