Styreleiar i Trivselshagen IKS Trond Ueland. T.h. dagleg leiar Anniken Rygg.

– Har tru på at vi får ordna opp





– Eg har tru på at vi skal klare å få skuta på rett kjøl igjen, seier styreleiar i Trivselshagen IKS, Trond Ueland.





Han har vore styreleiar i Trivselshagen IKS sidan i fjor
sommar, jobbar i Førde kommune, men er opphavleg frå Sandane.





– Ein god rapport





– Eg tykkjer rapporten som Jan Øhlckers har laga er god.
Utgangspunktet for rapporten er at eigarane ønskjer å greie ut om ein skal gå
vidare med same samarbeidsmodell, eller om ein skal sjå på alternative
modellar. Øhlchers er tidlegare fylkesrådmann, og kjenner anlegget og avtalen
frå si tid som fylkesrådmann, fortel Ueland.





– Kva gjer styret med rapporten som ligg føre?





– Styret har hatt ein første presentasjon av rapporten i lag med eigarane. Dette skjedde på Skei for snart 14 dagar sidan. Formelt sett skal rapporten handsamast i styret. Deretter vil vi leggje fram ei tilråding til eigarane. Så blir det opp til eigarane korleis dei vil behandle rapporten. Det legg ikkje vi oss opp i. Styret har invitert eigarane til eit nytt drøftingsmøte fredag 15. februar før vi startar på behandlinga vår, seier han.





Over 20 tilrådingar





Som styreleiar er han klar over at prosessen er krevjande
for dei tilsette. Han er difor oppteken av å ta vare på dagleg leiar og dei
tilsette i IKS-et, sikre at dei blir orienterte saman med tillitsvalde og
hovudverneombod, samt at dei får høve til å drøfte rapporten på ein god måte.





I rapporten ligg det over 20 tilrådingar.





– På mange måtar kan ein seie at dette er ei oppskrift. Jan Øhlckers si tilråding er å gå vidare med dagens modell, men då må vi få rydda opp i samsvar med dei forslaga han kjem med. Forslaga til Øhlckers er gode, og han har etter mitt syn laga ein god plan for korleis vi skal møte framtida. Folkeleg sagt står vi framfor eit oppryddingsarbeid, seier Ueland.





– Eit fantastisk anlegg





Dagens modell er noko kompleks, der dei som er eigarar også
er leigetakarar.





– Vi må få rydda og avklara ein del ting, og det trur eg vil gå heilt fint. Anlegget er teknisk sett komplekst, men vi har dyktige tilsette i IKS-et som driv det. Kommunen har sine tilsette som står for drifta av både kulturdelen og idrettsdelen, og dei er det rådmannen som styrer. Også dette er flinke folk. Eg ser at dei gjer ein god jobb. Det vil vere eit stort paradoks om vi ikkje kjem i mål med oppryddingsarbeidet, understrekar han.





Om ein ikkje lukkast, må ein over på andre modellar. Det trur han også vil gå fint.





– I botnen her har vi eit fantastisk anlegg – som er til glede for innbyggjarane i kommunen og regionen rundt. Vi er i grunn for dårlege på å formidle kor flott dette anlegget er. For brukarane spelar det inga rolle korleis eigarmodellen ser ut. Det er i grunn ei intern opprydding vi driv med, seier Trond Ueland.