Dirigent Adele Eikenes Bassermann, korleiar Lara Meuser og resten av koret Cappella Vocale nyt fjordutsikta frå Grandeparken før dei set fokus på konserten med Gloppen janitsjar laurdag kveld.

Har med førti koristar heim til Gloppen

– For dei fleste i koret er dette første gongen dei er i Noreg, og eg har vore heldig som har fått vise fram heimbygda mi når vêrgudane har lagt så godt til rette som denne veka. Vi gler oss, seier Adele Eikenes Bassermann.

Adele er tydeleg stolt av heimbygda si etter ei lita veke som vertinne for Cappella Vocale, koret som ho dirigerer der ho og familien no er busett, i Hechendorf, ein halvtimes tid vest for München.

– Bayern-området, som vi kjem frå, er faktisk kjent for høge fjell, men kombinasjonen med dei blå fjordane og snøen på fjella har sjølvsagt gjort inntrykk på det tyske reisefølgjet, seier Adele.

Saman med gamle vener i Gloppen janitsjar har dei denne vinteren planlagd noregsturen, som toppar seg no til helga med konsert i lag med janitsjaren.

Spennande møte

Bjørn Inge Solheim i Gloppen janitsjar meiner dei er godt budde til konserten:

– Notar og idear er blitt sende fram og tilbake sidan tanken oppstod i fjor sommar, men no meiner vi at vi har ei framsyning som viser fram både koret og korpset frå si beste side. Vi gjer litt kvar for oss, men har også nokre flotte nummer som vi gjer i lag. Det blir spennande å høyre korleis det let i lag når vi møtest til første øving i kveld.

– Vi har sjølvsagt tenkt på alt, slik at både kor og korps skal vere fulle av energi når vi står på same scena til helga, seier Bjørn Inge med eit lurt smil.

Smakebit

Koret kom tysdag og bur på Nordfjord folkehøgskule. Onsdagen brukte dei til å verte kjende rundt fjorden, medan dei torsdag hadde sightseeing med Geiranger som mål. Fredag er det øvingar før konsertane i helga.

– Dei som er innom Landsbylaurdag i Sandane sentrum i morgon kan få med seg ein liten smakebit av koret mellom konsertane til kulturskulen, avsluttar Adele Eikenes Bassermann.