Praktbrosjyren er klar og pakka for å bli sendt rundt i heile fylket. F.v. Pål Fidjestøl og Hallvard Klakegg i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Stig Roger Eide (tekst/foto), Ivar Høyvik (design) og Atle Skrede i fylkeskommunen. Foto: Einar Paulsen.

Har laga brosjyre om dagsturhyttene

I desse dagar er den 76 sider store brosjyren om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane på veg ut til deg. Her får du turskildringar og fantastiske bilete av dei 26 dagsturhyttene våre.

«Praktbrosjyren» skal delast ut gratis i heile fylket, dette er «dagsturhyttene si Opptur-bok».

– Til no har vi i hovudsak marknadsført dagsturhytteprosjektet på dagsturhytta.no, Instagram og Facebook. Brosjyren sørgjer for at vi når ut til endå fleire. Det trykte formatet gjev oss også høve til å oppsummere den fantastiske utviklinga frå «sprø» idé til eit samla tal hyttebesøk som snart tilsvarer tre gonger folketalet i fylket, seier initiativtakar i fylkeskommunen, Atle Skrede, i ei pressemelding.

 Unikt samarbeidsprosjekt

Totalt har hyttene ein prislapp på 33 millionar kroner, og av dette har dei 26 kommunane i fylket bidrege med tre millionar. Det resterande er finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Norsk Tipping, fylkeskommunen, momsrefusjon og fylkesbiblioteket.

– Dagsturhyttene er eit unikt samarbeidsprosjekt skapt av fylkeskommunen og eigarstiftinga vår. Prosjektet er blitt lagt merke til i resten av landet og er i ferd med å bli kopiert i ei handfull andre fylke. Difor er denne brosjyren også god marknadsføring av Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

 Blir lagt ut der folk er

Om kort tid blir praktbrosjyren tilgjengeleg ulike stadar i kommunen din. Du vil finne han på dei fleste møteplassane, som legesenter, treningssenter, bankkontor, overnattingsstadar, rådhus, vidaregåande skular og liknande. Målet er at endå fleire skal oppdage desse unike turmåla, og at fleire skal bli fysisk aktive.

– Ta deg ein brosjyre du òg, og ta deg ein tur til eit av dei 26 nye turmåla i nærleiken av der du bur, oppmodar «hyttefar» Atle Skrede.

Forfattar Stig Roger Eide står for tekst og bilete i brosjyren, medan det er Ivar Høyvik i Rakkar AS som står for utforminga.