Heim   >   Fylket   >   Prøver noko nytt etter 102 år

Prøver noko nytt etter 102 år

Berre ein knapp månad etter at han var ferdig med Stardalen mannskor og «Vi vandrar saman i Nynorskens skog», presenterer musikalsk leiar Trygve Apalset og Austrheim Musikklag «Klinga mina klockor» med musikk av Benny Andersson.

– Det har vore krevjande å ha to slike prosjekt så nær i hop, eg har delvis arbeidd parallelt med dei, seier Apalset som lovar publikum på konsertane i kultursalen variert musikkunderhaldning.

Tungt prosjekt

– Vi er i rute, det synest eg. Men så har vi ikkje øvd mindre på det. Det er halvanna år sidan vi bestemte det, og eitt år sidan vi starta øvingane, fortel Trygve og understrekar at det er snakk om eit tungt prosjekt der mykje skal på plass.

På programmet står musikk av Benny Andersson, mest kjend frå legendariske ABBA, som vann Melodi Grand Prix for Sverige med låta «Waterloo» i 1974. Men saman med Björn Ulvaeus har Andersson også skrive tallause poplåtar som hamna høgt på hitlistene, og ikkje minst har han ein stødig for innan svensk slåttemusikk. Han har spelt trekkspel i mange år, har samarbeidd med grupper og lag i det svenske slåttemiljøet og har komponert både polka og vals.

– Andre gjorde meg merksam på Andersson sin musikk, og musikklaget har teke inn slåttar av han. Etter kvart såg eg at det var grunnlag for å lage ei konsertframsyning med utgangspunkt i dette, seier Apalset.

– I ein tradisjon

Dei fleste forbinder Austrheim Musikklag med eit lag som spelar tradisjonell folkemusikk. Laget er spesielt kjent for sin drivande gode dansemusikk. No får publikum oppleve ei ny side.

– Eg tek ikkje munnen for full om eg seier at musikklaget ikkje har gjort noko slikt før i løpet av den 102 år lange historia si, seier den musikalske leiaren.

Han legg likevel til at medlemene i laget gjerne har spelt andre musikktypar enn berre tradisjonsmusikken frå nærområdet.

– Då eg kom inn, var Jon Aske, Ola Almenning og Petter Eide med. Dei var opne for mykje. Petter kunne spele kva som helst, han var folkemusikar framfor nokon, og Ola spelte i kammerorkester. Slik sett står konsertane laurdag i ein tradisjon i Austrheim Musikklag.

– Mykje artig musikk

Apalset har inntrykk av at Benny Andersson sin musikk har mange kvalitetar som fell i smak både hjå musikklagsmedlemene og mange andre.

– Vi tek steget litt ut av den vanlege slåttemusikken, samstundes som vi held på slåtteomgrepet. Her blir det både viseliknande tonar og innslag med preg av country og blues, seier han.

– Det blir mykje artig musikk som publikum ikkje er vande med å høyre, held han fram.

«Bettan» og lokale musikarar

Med seg på laget har Austrheim Musikklag fått vokalisten Elisabeth Andreassen, mest kjend som eine halvparten av den Melodi Grand Prix-vinnande duoen Bobbysocks. Også mange flinke lokale musikarar, i tillegg til Stardalen mannskor, bidreg.

Dagen før dei to konsertane laurdag ettermiddag og kveld er kveldskonserten utseld, medan ettermiddagskonserten er på god veg til å fyllast opp.

– Klart det er kjekt viss folk vil kome og høyre på. Det har ei økonomisk side også, slik er det berre, smiler Trygve Apalset og håpar på to fulle hus i kultursalen.