Illustrasjonsfoto.

Har hatt kurs i nettdirigering



Korpsdirigentar over heile landet har tatt internett i bruk for å halde øvingane i skulekorpsa i gang gjennom koronakrisa.


Over 200 korpsdirigentar er dei siste vekene blitt kursa i webbaserte øvingar av Norges Musikkorps Forbund (NMF).


– I korps er det sosiale utruleg viktig. Det er fellesskap på kryss og tvers av alder og kva skule du går på, og derfor trur vi dette har ein enorm sosial verdi i den situasjonen vi er i, seier nasjonal musikkonsulent i NFM, Birgitte Grong, til NRK.


Barnepsykologar roser tiltaket og håpar fleire enn berre korps grip moglegheita til å skape digitale treffpunkt for barn og unge.


– Å sjå kvarandre, få vitse saman og oppleve fellesskap er viktigare enn nokon gong. Det er heilt vitalt at det skjer slike ting, seier pensjonert spesialist i klinisk psykologi, Magne Raundalen.


Katrin Glatz Brubakk på NTNU meiner sosiale treff på nett som korpsøvingar gjer den krevjande kvardagen under koronakrisa lettare å takle for dei unge.


– No er det ekstra viktig å ha kontakt med dei utanfor heimen, sjølv om det berre er digitalt. Det å få snakke med nokon, vise kva ein held på med og le saman med nokon kompenserer for veldig mykje, seier Brubakk, som er psykologspesialist og blant anna har jobba med traumatiserte flyktningbarn.


(©NPK)