Har gjort funn i Jølstravatnet

Politiet har i dag gjort funn av ein gjenstand i Jølstravatnet. - Vi ser klare konturar og reknar det høgst sannsynleg at det er ein bil vi no har funne, seier regionlensmann Dag Fiske.

Ein større metallgjenstand vart funnen onsdag kveld, og torsdag føremiddag vart nytta til sonarsøk opp mot gjenstanden. Funnet er gjort 660 meter ut i Jølstravatnet, på om lag 170 meter djupne.

- Vi ser tydeleg forma av eit køyretøy, men fleire detaljar enn det har vi ikkje gode nok bilete til å sjå. Hypotetisk sett kan det vere eit gamalt bilvrak, men vi ser det lite sannsynleg at det ligg fleire køyretøy i området. Vi går ut frå at det er den aktuelle bilen vi no har funne, fortel Fiske.

Om personen er i bilen veit dei ikkje, men lensmannen håpar dei vil finne den sakna mannen når dei får undersøkt bilen nærare.

- Å finne den sakna er viktig for dei pårørande. Vi håpar å vere på rett veg, seier han.

Grunna dårlege siktforhold er det ikkje mogeleg å gå ned med undervasskamera, eller å heve gjenstanden. Det er såleis vanskeleg å vurdere når dei har fleire svar. Politiet vil følgje opp siktforholda.

-Dette var positivt, seier Arve Dvergsdal frå Jølster brann og redning. Han er ein av dei som har leia den frivillige leiteaksjonen.