Foto: Politiet.

Har funne to meter brei metallgjenstand

Ei dryg veke etter oppstart byrjar no arbeidet med å fjerne masser rundt ein større metallgjenstand i Jølstravatnet, og prosessen med å heve bilen etter raset i Jølster held fram, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding. 

Arbeidet med å lokalisere funnstaden frå i sommar har dessverre tatt lenger tid enn først venta. Etter å ha ankra fast flåten ved funnstaden sist veke, viste det seg at gjenstanden ikkje var synleg med undervasskamera eller sonar trass i at staden var merka og sikten under vatn var på rundt ein meter.

Ved hjelp av ein metalldetektor fann selskapet Norwegian Tunnel Inspection AS måndag ettermiddag ein kring to meter brei metallgjenstand. Denne var ikke synleg over botnen og ligg gravlagd under massane.

– Vi har no markert funnstaden og vil i løpet av dagen starte arbeidet med å fjerne ein del massar rundt metallgjenstanden for å finne ut kva det er. Vi kan per no ikkje seie med sikkerheit kva vi har funne ettersom vi ikkje kan sjå gjenstanden visuelt, sier innsatsleder Torbjørn Thue i Vest politidistrikt.

Det er venta at sikten vil forsvinne når arbeidet med å fjerne massane startar. Ein kompressor som er festa til ROV-en vil kunne suge vekk jordmassar rundt gjenstanden. Dette er ein prosess som kan ta fleire dagar. Det er førebels for tidleg å seie kor djupt under massane gjenstanden ligg. Målet er å kunne få vekk nok jordmassar slik at ein kan feste løfteutstyr til gjenstanden.

– Vi håpar at vi raskt kan få stadfesta eller avkrefta om det er den aktuelle bilen vi har funne. Det at gjenstanden ligg under massane, kan tyde på at massene er ustabile. Vi trur den kan ha sokke ned under botnen. Selskapet som har fått oppdraget vil vurdere om dei skal feste noko i gjenstanden, slik at han ikkje synk meir når dei byrjar å fjerne massane rundt, seier Thue.