Heim   >   Nyhende   >   Har forska på fornybar energi

– Det er ganske krevjande for kommunane å involvere seg i prosjekt knytt til fornybar energi, men er dei interesserte, er det store moglegheiter, meiner Bente Johnsen Rygg.

Har forska på fornybar energi

Bente Johnsen Rygg (34) har i fleire år forska på fornybar energi. – Det viktigaste funnet eg gjorde var at det er store moglegheiter for kommunane å utvikle prosjekt innan fornybar energi, men det kjem an på kva teknologi som blir brukt, seier ho.

17. april 2015 var ein merkedag for Bente Johnsen Rygg. Denne dagen vil ho sjå tilbake på med glede. Då disputerte ho til doktorgraden ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) med avhandlinga ”Fornybar energi som ei samfunnsinteresse. Korleis lokalsamfunn møter utfordringane ved auka bruk og produksjon av fornybar energi.”

– Ein stor dag

– Det var ein stor dag. Eg var både spent og nervøs på førehand. Først hadde eg ei prøveforelesing som komiteen skulle vurdere. Deretter var det disputas. Eg presenterte avhandlinga mi i om lag 20 minutt, og fekk deretter spørsmål om arbeidet eg hadde utført. Målet er at dette skal vere ein fagleg diskusjon mellom opponent og den som disputerer, og det vart det. Når vi først var i gang, gjekk det fint. Det var eigentleg ganske kjekt, fortel Bente Johnsen Rygg, som er frå Sørstranda.

Rektor ved høgskulen, dekan, rettleiar, kollegaer og ektemannen Hans Jakob Walnum var med til Trondheim for å vere til stades under disputasen.

– Foreldra mine var barnevakt for dottera mi, Jenny, på tre år. Det vart feiring på Gloppen Hotell med familien då eg kom heim att, seier ho.

Les meir i papirutgåva fredag.