Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Har fått nok av utelivsfotograferinga til Firda

Direktøren ved Scandic Sunnfjord Hotel i Førde har fått nok av at avisa Firda tek bilete av utelivsgjestene deira. Redaktøren i Firda seier dei vil halde fram som før.


Det skriv NRK.


– Vi ønskjer at gjestane våre skal kunne gå ut og kose seg, og vere trygge på at dei ikkje blir tatt bilete av. Vi har bede avisa om å slutte. Vi har fått tilbakemeldingar over tid om at ein god del av gjestene ikkje er komfortable med denne praksisen, seier hotelldirektør Odd Erik Gullaksen til statskanalen.


Sjefredaktør i Firda, Kai Aage Pedersen, vil ikkje gi seg med praksisen. Han meiner hotelldirektøren er på ville vegar.


– Dette likar eg veldig dårleg. Dette er noko media alltid har gjort når vi dekkjer kulturarrangement, fotballkampar og konsertar. No har det teke nokre nye former, og lesarane til Firda set veldig stor pris på desse biletegalleria, seier han. (©NPK)