Markus Bjørnereim ogh resten av gjengen i bLAN har opplevd massiv støtte. Det gledar og inspirerer.

Har fått massiv støtte

bLAN har spennande planar.



– Etter at det vart kjent at kommersielle krefter planlegg eit nytt LAN i Førde i konkurranse med oss, har vi fått enormt med støtte. Det motiverer oss til å knalle på, seier Markus Bjørnereim.

Han er leiar for bLAN som har vore arrangert i Breimshallen av lokale ungdommar i snart 20 år. Sjølv har Markus Bjørnereim gått gradene til han i dag er leiar for heile arrangementet.


Nytt arrangement


Den siste tida har det blåse kraftig rundt Markus Bjørnereim og dei andre i arrangørstaben.


– Vi vart gjort merksame på at eit nytt LAN var under planlegging i Førde der vår hovudsponsor, Enivest, var ein av aktørane saman med Sunnfjord utvikling og fleire andre, t.d. IT Forum Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet og Sparebankstiftinga.


– Vi har gjeve tilbakemelding om at det er dårleg gjort og veldig uheldig med eit slikt arrangement. Det blir ein stor konkurrent. Av alle helgar i året har dei valt ei vanleg helg fjorten dagar før bLAN, og så skal det arrangerast eit stort LAN i Måløy ei veke etter oss, seier Markus Bjørnereim.


Det er ikkje berre ungdommane bak bLAN som har reagert. Den siste tida har det vore ei rekkje innlegg og kommentarar i både aviser og sosiale medium.


– Enorm støtte


– Etter at vi gjekk ut i media, mot hovudsponsoren vår, noko som er spesielt, har vi fåtte enormt mange støtteerklæringar frå enkeltpersonar, noverande og tidlegare deltakarar i bLAN, leiaren i idrettslaget, ordføraren i Gloppen og mange foreldre generelt i Gloppen kommune, seier Markus. Han har også fått støtte frå andre arrangørar.


– Vi er ein gjeng ungdommar som ikkje har ein sjanse til å konkurrere mot dei kommersielle interessene som har kome på bana i Førde, konstaterer Markus. Han peikar på at bLAN også prøver å arrangere så rimeleg som mogeleg for at det skal vere tilgjengeleg for alle.


– Derfor går vi ikkje med særleg overskot, seier Markus.


Gledar


Ungdommane i bLAN gleder seg over all støtte, som dei på ein måte føler er litt uverkeleg.


– LAN-miljøet får vanlegvis lite støtte. Folk flest har ikkje lært at LAN er så uendeleg mykje meir enn dataspel, energidrikk og rangling. Det har nok fleire fått augo opp for no. Eg merkar at heile arrangementsgruppa set veldig stor pris på all støtta. Det er vi ikkje vane med, smiler Markus. Han har om lag 30 ungdommar med seg i planlegging og gjennomføring.


– Det blir rigga til i fleire dagar. Under bLAN er det kantine og fleire aktivitetstilbod både inne og ute. Det er unikt. bLAN er det einaste ungdomstilbodet eg kjenner til der berre ungdom står bak og gjer alt frå start til slutt, seier Markus Bjørnereim.


– Kva skjer no?


– No får vi vente og sjå. Men all støtte vi får, er verdas beste motivasjon til å knalle på vidare for å skape eit endå flottare arrangement for ungdom i Gloppen og fylket, seier Markus. Han gjer det klart at dei har planane klare for haustens arrangement.