Home   >   Fylket   >   Har fått draumejobben

Distriktssekretær Nils Petter Søyva gratulerer med Torbjørn Vereide med ny jobb.

Har fått draumejobben

Torbjørn Vereide frå Sandane er tilsett som Fagleg Ungdomssekretær ved distriktskontoret til LO.

– Med dette får vi i LO eit nytt tilskot til arbeidet for fagrørsla i Sogn og Fjordane, meiner distriktssekretær Nils P Støyva.

Vereide skal mellom anna arbeide med LO sine forbund og fagforeiningar og skape aktivitet og fagleg engasjement hos dei unge.

– Eg må innrømme at det både blei jubel og ei gledeståre etter telefonen om at eg hadde blitt vald ut til stillinga. Dette er eit arbeid som eg bryr meg om og brenn for. Eg har eit sterkt engasjement frå arbeidarrørsla som eg trur vil kome godt med, og eg tenkjer at dette blir eit godt høve til å gjere enda meir i jobben for eit trygt og organisert arbeidsliv, seier Torbjørn Vereide.

Klar for sommarpatrulje
Saman med dei andre ungdomssekretærane i resten av landet, skal Torbjørn vere med på å organisere over 600 unge tillitsvalde i gjennomføringa av LO sin Sommarpatruljen. I dette arbeidet skal dei reise ut til bedrifter og prate med ungdom om rettar og plikter i arbeidslivet. I år kjem dei til å reise i fylket i første del av juli.

– Dette blir både spennande og viktig. Arbeidskontrakt, lønn, tryggleik og opplæring er noko som ein må være klar over. Difor tykkjer eg det er bra at vi får prata med dei unge arbeidstakarane før dei går inn i arbeidslivet for alvor. Eg trur det er mange bedrifter som ser på dette som ein sjanse til å ein konstruktiv gjennomgang, og mange tilsette som ser fordelen med arbeidet for eit ryddig og organisert arbeidsliv, seier Vereide.

Viktig for ungdom
Det er over 925 000 arbeidsfolk som er organisert i eit LO-forbund, og blant desse er over 130 000 under 30 år. Nils P Støyva, som er distriktssekretær i Sogn og Fjordane meiner at dette gjer LO til ei av dei viktigaste stemmene for unge i samfunnsdebatten. Med dette utgangspunktet er Støyva godt fornøgd med den nye tilsettinga, som blant anna skal jobbe med og for denne målgruppa. Sjølv ser Torbjørn fram til nye utfordringar.

– Det er ingen tvil om at det blir mykje å sette seg inn.  Då er det veldig kjekt å kunne å få jobbe saman med flinke folk som bryr seg om resultata. Eg trivst med nye oppgåver, og likar å lære nye ting. No ser eg verkeleg fram til å sette i gang, og gi jernet, seier Vereide.