Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Har byrja innspelinga av Astrup-film

Har byrja innspelinga av Astrup-film

Opptaka av spelefilmen om den kjende kunstmålaren Nikolai Astrup er i gang på Astruptunet i Jølster. 

Det opplyste ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, under eit fellesmøte for alle kommunane i den nye storkommunen Sunnfjord, ifølgje avisa Firda.

– I utgangspunktet er det ein spelefilm som skal brukast utanfor landets grenser, men det blir også ein serie på tre episodar som er selde til NRK, fortalde Klakegg.

Innspelinga har eit budsjett på 11–14 millionar kroner, og ifølgje ordførar Klakegg har ein ikkje all verda av tid sett av til innspelinga.

– Truleg er tunet stengt neste år. Difor er det viktig at vi får realisert filmen i år, sa Klakegg.

Astruptunet skal etter kvart oppgraderast og byggjast ut og det er mykje som tyder på at det er grunnen til at tunet blir stengt i 2019. (©NPK)