Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Har avliva hund i Gloppen

Har avliva hund i Gloppen

23. juli blei ein fire år gamal gut biten i hovudet av ein hund i Gloppen. Hunden er no avliva.

– Guten blei biten i hovudet og fekk såpass store skader at han blei lagd inn på sjukehus. Lensmannen i Førde føretok med bakgrunn i dette eit forvaltningsvedtak om avliving av den aktuelle hunden. Det blei også oppretta straffesak, men denne blei lagd vekk då ein ikkje fann noko straffbart ved hundeeigar si handtering av hunden. Vedtaket om avliving blei medelt hundeeigar som klaga på vedtaket. Etter å ha vurdert saka på nytt, trekte hundeeigar klagen og samtykka i avliving. Hunden blei avliva tysdag 10. september, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.