Dagleg leiar i Jølster Skisenter, Even Hole.

Håpar på hjelp frå storsamfunnet

Skal Jølster Skisenter greie å setje i stand anlegget til vinteren etter øydeleggingane frå ekstremvêret i sommar, treng anlegget økonomisk støtte utanfrå.


– Vi har allereie greidd å få gjort dei tinga som vi sjølve kan gjere på dugnad. No set vi vår lit til Naturskadefondet, NVE og alle andre impliserte partar, seier dagleg leiar Even Hole til NRK.


Skisenteret har førebels ikkje fått takst på skadane, men Hole reknar med at det er gjort skade for seks-sju millionar kroner. Det er større kostnader enn skisenteret maktar å dekkje av eiga lomme. Hole håpar difor på økonomisk hjelp frå nasjonalt hald.


Også ordførar Oddmund Klakegg (Sp) håpar på økonomisk støtte. Han peikar på at skianlegget ikkje berre er viktig for folk i Jølster, men at det også kjem mange tilreisande for å bruke anlegget. (©NPK)