– Vi håpar mange finn vegen til Sandane sentrum komande laurdag under torgdagen til Matamål, seier Marianne Ryssdal Sæther og leiar i Gloppen Bondelag, Einar Duvold.

Håpar på god Matamål-stemning

Arrangørane av Matamål 2018 inviterer til torgdag på Sandane komande laurdag med i alt 40 mattelt. – Vi håpar at stemninga blir like god som ho brukar å vere under matfestivalen, seier Marianne Ryssdal Sæther og Einar Duvold i arrangørkomitéen.

Matamål vart for første gong skipa til i oktober 2010 med godt besøk og gode tilbakemeldingar frå både produsentar og publikum. Det betyr at årets festival blir den niande i rekkja.

Hybelmatkurs

Matamål har som mål å vere ein triveleg matfestival for heile Sogn og Fjordane der ein set fokus på mangfald, kvalitet og kortreist mat. Festivalen ønskjer å nå alle målgrupper, frå born til eldre, med aktivitetar og arrangement som kan bidra til å auke interessa for mat, mattradisjonar og matkultur.

– Hybelmatkurset er blitt ein slager. Onsdag ettermiddag blir det matkurs på Firda vidaregåande skule for hybelbuarar der kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem lærer elevar å lage billig, sunn og god mat. Dette kurset brukar å vere svært populært, seier Marianne Ryssdal Sæther.

Det vil bli jobba i grupper, og rettane blir sette saman til ein herleg buffet som deltakarane får kose seg med.

– Kurset er gratis, og har plass til 20 elevar, fortel ho.

40 produsentar

Torgdagen laurdag er neste post på programmet.

– Vel 40 produsentar kjem til Sandane denne dagen for å fylle sentrum med gode smakar og lokalmat. Dette blir ein matfest slik det pleier å vere med like mange mattelt som vi har hatt dei siste åra, seier Einar Duvold.

Ved sparebanken blir det open gard med høve for born til å hoppe i høyet.

– Her vil publikum få nærkontakt med dyr. Dei får sjå korleis ein hest blir skodd, og det blir diverse konkurransar som mjølkespannhalding og øksekast, forklarer han.

– Eit mangfald

– Er det noko spesielt de ser fram til denne dagen?

– Det er så mange dyktige produsentar som deltek på Matamål at det er uråd å trekkje fram nokon. Publikum vil finne matboder med frukt og grønsaker, kjøt og kjøtprodukt, fisk og fiskeprodukt. Her blir bakevarer og egg. Vi byr på eit mangfald, og det gler vi oss over. Denne helga set fokus på matglede, og vi håpar at nye nettverk blir skapte – både mellom produsentar og mellom produsentane og publikum. Også nye produsentar blir med på Matamål i år. Det var litt av bakgrunnen for at vi etablerte festivalen, nemleg for å vere ein arena for nye aktørar innan lokalmat. Det er kjekt å sjå at dei kjem, seier Ryssdal Sæther.

Ho håpar mange tek turen til Sandane for å oppleve torgdagen.

– Her kan publikum gjere mange gode handlar. Dei som vil, kan tenkje litt framover og handle ei og anna julegåve. Det er det ein del som brukar å gjere. I tillegg håpar vi mange stiller på for å støtte lokale matprodusentar, peikar ho på.

Mat i naturen søndag

Arrangørane gler seg over å sjå at butikkane på Sandane engasjerer seg i samband med matfestivalen.

– Det blir eit lite miniloppemarknad med fokus på kjøkkenhushald, koppar og kar i regi av arbeidskyrkja. Visit Nordfjord skal ha inspirasjonsmøte med fokus på lokalmat under Matamål. Dei har invitert serveringsverksemdene i Nordfjord til å vere med på dette. På hotellet blir det eit arrangement i Kjellaren laurdag kveld, fortel dei to.

I år er Matamål utvida med eit arrangement søndag.

– I Trivselsskogen blir det Mat i naturen. Å halde på med mat ute i lag med borna er fantastisk kjekt, seier dei.

Det er Gloppen Næringsorganisasjon (GN) som står bak Matamål 2018.

– Representantar frå produsentane, bondelaget, hotellet og kommunen er med i arrangørkomiteen. Sjølv har eg vore med på Matalmål sidan oppstarten og er med fordi eg er over snittet interessert i mat, smiler Marianne Ryssdal Sæther.

Trine Hasvang Vaag, styreleiar i Nortura, vil stå for opninga av årets matfestival.