Frå venstre: Jørn Kjelsnes Frivik, Victor Bergman, Torbjørn Vollan, Ottar Berg, Runar Berg, Tom Erik Berg.

Handbakfolket var på tur i helga

 

Det handla om 2. runde i Noregscupen og Jølster Handbakklubb var sjølvsagt på plass. Stemnet gjekk av stabelen i Hardanger og Jølstringane beit godt i frå seg.



Jølster handbakklubb stilte med seks utøvarar på stemnet og kom heim att med mange gode plasseringar. Nestoren i klubben, Ottar Berg, held framleis koken og reiste heim att med 2. plass i venstre og 3. plass i høgre i klasse master 95 kilo.

Gode juniorar
To av deltakarane frå Jølster var juniorane Victor Bergmann og Runar Berg. Dei gjorde sakene sine framifrå og Runar Berg som bryt i 80-kilos klassa fekk 1. plass i begge hendene som junior, og to 9. plassar i seniorklassa. Bergmann tok ein 2. plass i både venstre og høgre hand som junior. Han deltok også seniorklassa, 80 kg og fekk 5. plass i høgre og 10. i venstre
I master 78 kg vart det to 2. plassar til Torbjørn Vollan medan Tom Erik Berg tok to 4. plassar i klassen over 110 kg.