Andreas Ramstad (t.v.) og Olav Grimsbø serverte ein minikonsert som hausta stor og velfortent applaus på pensjonistlagsmøte i Helgatun nyleg.

– Han skulle hatt ti tommeltottar

Olav Grimsbø (79) har spelt trekkspel i minst 50 år. For snart tre år sidan trudde han at musikarkarrieren var over.





Det var ei vedmaskin som heldt på å ende karrieren som musikar, ei vedmaskin med kjedesag. Dette er ein effektiv reiskap til å kløyve ved med, men også ein farleg reiskap når ting ikkje går som det skal.

Blodet spruta
Det som skjedde var, kort fortalt, at saga køyrde seg fast i stokken under kutting, noko som kan skje. Olav skulle løyse saga og det var då det skjedde. Sagsverdet losna frå stokken, spratt opp og eit fresande motorsagkjede hogg seg inn i handleddet til musikar og vedakløyvar Olav Grimsbø.

– Alt skjedde uhorveleg fort, og plutseleg såg eg blodspruten som stod opp frå pulsåra i handleddet. Eg ropte på son min som var i nærleiken og prøvde å halde rundt handleddet med den andre handa for å stoppe blodet. Han kom springande og fekk ringt etter ambulanse samtidig som han klemde rundt armen og fekk redusert blødinga. Då kom også smertene, fortel Olav som ikkje lenge etter var i ambulanse på veg til sjukehuset i Førde.

Der vart det fort bestemt at helikoptertur til Haukeland blei neste trekk.

På Haukeland gjorde legane det dei kunne for å lappe saman det sundsaga handleddet, men dei hadde ikkje mykje trøyst å kome med om framtida.

– Du vil aldri meir få att førleiken i fingrane, var beskjeden eg fekk, så dermed rekna eg meg ferdig med trekkspelet, fortalde Olav då vi nyleg møtte han på eit medlemsmøte i Jølster pensjonistlag i Helgatun i Årdalen.

På møta i pensjonistlaget har Olav vore meir eller mindre fast innslag med trekkspelet sitt i mange år, og sist veke var han på plass att. Med seg hadde han kompis og trekkspelar Andreas Ramstad frå Førde. Dei to karane har spela mykje i lag, og begge har vore dansemusikarar med kvar sine trioar. Andreas Ramstad har også ei fartstid frå gruppa «Jubelhornet» frå Dale, som vart kjende for tolkingane sine av Jakob Sande. Til medlemsmøtet hadde Andreas lokka med seg kompisen Olav, og publikum fekk ei glitrande førestilling av dei to virtuosane.

Eit lite under
Det var altså ikkje mykje håp legane på Haukeland gav den uheldige vedkløyvaren, men det skulle snart syne seg at dei tok i alle fall litt feil. Etter eit års tid tok tommelen på høgrehanda til å fungere så smått, og snart kom tanken om trekkspelmusikk fram att. For ein som har spela trekkspel i 50 år, går det an å spele med berre tommelen, fann Olav ut, og dermed var han så smått i gang med nokre famlande trykk på knappane, med tommelen.


Det var spesielt å sjå Olav Grimsbø spele med éin finger. Men det klarte han fint, som om han aldri skulle ha gjort noko anna.

Olav Grimsbø demonstrerer korleis han heldt rundt handleddet for å stanse blødinga frå den avrivne pulsåra. Neven ber tydeleg preg av at den ikkje har vore særleg mykje i bruk dei siste tre åra.

– Eg gret då eg spelte første gongen, det var ei utruleg stor oppleving, fortalde Olav som hadde gitt opp håpet om å kunne traktere instrumentet som har følgt han mesteparten av livet.
Olav har som sagt vore ein ettertrakta musikar og har spelt i lag med mange, mellom andre Sigmund Eikås.

– Eit år spelte vi i 26 bryllaup, så det vart mykje farting, fortalde musikaren som ikkje kan ein einaste note, men har klart seg fint likevel.


Utruleg syn
Kor mange som spelar trekkspel med éin finger, skal vere usagt, men det er neppe mange. Det Olav Grimsbø presterte var rett og slett imponerande, og i lag med Andreas Ramstad serverte han eit fint knippe med kjende og kjære melodiar.

– Det vart no litt feil her og der, men det får våge seg, konstaterte Olav etterpå.

– Korleis går det an å spele så bra med berre éin finger?

– Det går på den måten at eg må sjå ned på knappane heile tida for å vite kvar eg skal plassere denne tommelen. Før, når alle fingrane var i orden, kunne eg sjå på damene når eg spelte. Det kan eg ikkje no lenger, og det vart ein nedtur, gliste Olav som også er ein glimrande songar.

Dette fekk han demonstrert i lag med Andreas Ramstad og Inger Lind Aasen gjennom fleire nummer, mellom anna «Morgon på kobbeskjæret» av Jakob Sande.


Synge kan dei også. Både leiar i pensjonistlaget, Inger Lind Aasen, og Olav Grimsbø har mange år som korsongarar bak seg, og med Andreas Ramstad som akkompagnatør og medsongar lét det veldig bra. Spesielt overstemma til Inger Lind Aasen på «Morgon på kobbeskjæret» var eit skikkeleg krydder.

– Eg har alltid likt å synge og har vore med i Førde seniorkor i ni år. Det tykkjer eg er kjekt på alle måtar. Og når Andreas no har byrja å ta meg med på spelejobbar att, er det berre å takke og bukke.

– Det er berre kjekt å ha deg med, og no kan eg for ein gongs skuld seie at eg spelar betre enn du. Og når vi høyrer kor god han er med éin tommel, skulle eg ønskt han hadde hatt ti tommeltottar, var meldinga frå kompis og musikarkollege Andreas Ramstad.


Det var mange som lét seg imponere av spelet til Olav.