Home   >   Nyhende   >   Han er ny direktør i Nynorsk kultursentrum

FOTO: Anders Aanes/Nynorsk kultursentrum.

Han er ny direktør i Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum har tilsett Per Magnus Finnanger Sandsmark (28) som ny direktør for nynorskinstitusjonen i Ørsta.

Sandsmark er i dag redaktør i nettleksikonet Allkunne, eitt av tiltaka som Nynorsk kultursentrum driv. Han er utdanna museolog frå Universitetet i Oslo og arbeidde før han byrja som redaktør i nettleksikonet Allkunne i 2017, ved Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Han har òg bakgrunn som Venstre-politikar og skribent i det liberalkonservative tidsskriftet Minerva.

Sandsmark tar over etter Ottar Grepstad, som går av med pensjon 1. november etter 19 år i direktørstolen.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum driv museet Aasen-tunet, nettleksikonet Allkunne, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark og arrangerer kvart år Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje. (©NPK)