Home   >   Nyhende   >   Halvparten av ordførarane protesterer mot rovdyrforvaltinga

Rundt halvparten av ordførarane i Noreg har slutta seg til protestane mot oppfølginga av Stortingets vedtatte dyrepolitikk. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Halvparten av ordførarane protesterer mot rovdyrforvaltinga

Rundt halvparten av ordførarane i Noreg har slutta seg til protestane mot måten regjeringa følgjer opp rovdyrpolitikken Stortinget har vedteke.

Oppropet kjem frå ordførarar i fylke som Finnmark, Møre og Romsdal, Østfold og Sogn og Fjordane, skriv Nationen.

– Vi har store utfordringar med rovdyr her i Finnmark. Vi har både bjørn, jerv, gaupe og ørn som tek både rein og sau. Forvaltinga følgjer ikkje opp forliket, seier Tana-ordførar Frank Martin Ingilæ (Ap).

I oppropet frå Finnmark skriv ordførarane at kvotane for rovdyrjakta er for låge og meiner at registreringa av bjørnebestanden er for dårleg.

Ordførarane i dei fire fylka sluttar seg dermed til 150 ordførarar som tidlegare har sendt brev til regjeringa med krav om at rovviltforliket i Stortinget blir følgt opp.

Brevet resulterte i eit møte tidlegare i september, der statsminister Erna Solberg (H) var lydhøyr for problema rovdyra førte med seg, men ho kom likevel ikkje med konkrete løfte. (©NPK)