Heim   >   Fylket   >   – Hald deg heime om du ikkje må ut og køyre

Svenn Egil Finden, vegavdelingsdirektør Sogn og Fjordane.

– Hald deg heime om du ikkje må ut og køyre

Det har vore ein travel søndag morgon på Vegtrafikksentralen med flaum og ras fleire stadar på Vestlandet.

– Det er meld aukande nedbør utover dagen, så hald deg heime om du ikkje må ut og køyre, seier vegavdelingsdirektør Svenn Egil Finden i ei pressemelding.

 Status på vegane kl. 13.00

Hordaland:

Fv. 7 Kvanndal – Gravin: Open

Fv. 103 Eidfjordelv bru, på strekninga Eidfjord – Simadal: Opna kl. 13.00

Fv. 550 Bjotveit: Opna kl. 12.00

Fv. 314 Bergsdalen ved Storfossdammen fremdeles stengt. Det er betydelige mengder med massar som har komme ned. Forventa stengd nokon dagar. Blir vurdert på måndag kl. 12.00.

Fv. 541 ferjestrekninga Buavåg-Langevåg, på strekningen Nyheim – Ekornsætre: Innstilt på grunn av uvêr.

Sogn og Fjordane:

E39 ved Vassenden i Jølster: Stengd på grunn av flaum. Ny vurdering kl. 16.00.

Fv. 8 Åkre, på strekningen Oppedal – Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen. Ny vurdering kl 14.00.

Fv. 50 Hol – Aurland: stengd på grunn av steinras.

Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.

Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Fergesambandet innstilt på grunn av dårleg vêr.

Fv. 92 Arnafjord – Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering kl. 08.00 måndag.

Fv. 331 Urnes – Skjolden: Stengd på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 18.00.

Fv. 451 Kjøsnes – Vassenden: Stengd på grunn av flaum.

Fv. 606 ferjestrekninga Losna-Krakhella: Fergesambandet er innstilt.

Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll – Førde: Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 17.00.

Fv. 615 Tjøtaelva, på strekningen Storebru – Sandane: Opna 12.30.

Fv. 616: Endal, på strekningen Smørhamn – Isane: Stengt på grunn av jordras. Ny vurdering kl. 18.00.

Fv. 691 Gjengedal: Vegen er stengd. Ny vurdering kl. 17.00