Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gull til Mathias Dale i UM

Mathias Dale, BBIL, tok gull i kule G16 under UM i friidrett på Jevnaker i helga.

Gull til Mathias Dale i UM

Mathias Dale, Breimsbygda IL, tok gull i kule i 16-års klassa med resultatet 15,92 meter under UM i friidrett på Jessheim i helga. 

I diskos vart Matias nummer fire med 40,66 meter. Han sikra seg også 5. plass i slegge med 39,27 meter.

Også fleire andre glopparar gjorde sakene sine svært så i UM.

Anne Lovise Krogh Indrebø, BBIL, tok sølvmedaljen i J15 kule med resultatet 10,74 meter.

Arne Osnes Devik, IL Brodd IL, tok sølv i slegge G18/19 med 63,50 meter. Håkon Hjelle Roset, STIL, tok bronse med 58,21 meter.

Oda Åndal, GFIL , tok bronse på 3000 meter i klasse J17 med tida 12,00,92 minutt.