Gamlebanken lanserer ny plate i dag. Foto: oddleiv Apneseth

Gull frå Gamlebanken

Gamlebanken Spelemannslag har gjennom karrieren sin kunne smykke seg med titlar som både norgesmeistrar og nordiske meistrar. Fredag 9. august lanserer dei det sjølvtitulerte debutalbumet sitt på plateselskapet ta:lik.

Det unge laget med base i Sogn og Fjordane har laga liv på mang eit gyngande dansegolv landet over. Frå scena har dei presentert eit heilt unikt repertoar som dei gjennom mange års fordjuping har gjort til sitt eige.
Favorittlåtane
– Vi har pussa støvet av både gøymde og gløymde slåtteperler, og det er utruleg kjekt å sjå korleis musikken fenger både ung og gamal på dansegolvet, seier musikalsk leiar Synnøve S. Bjørset.
På debutalbumet har dei spelt inn nokre av favorittslåttane sine, og håpar publikum vil sette plata i spelaren og ta seg ein dans heime på kjøkkengolvet.
– Runddansslåttar er dansemusikk, og han gjer seg absolutt best som akkurat det. Samstundes er det ikkje fritt for at det kan bli ein ganske hyggjeleg biltur med denne på øyret, seier ho med eit smil.
Originalt og finurleg
Det er langt mellom kvar utgjeving som kjem frå eit spelemannslag. Og endå lengre er det nok mellom kvar utgjeving som inneheld slåttar som på dette albumet.
– Vi har brukt historiske lydopptak frå arkiva som kjelde for mykje av det vi spelar. Og særleg slåttane og spelet etter Johanna Eldegard (1906-2005) frå Årdal i Sogn og Anders Kjerland (1900-1989) frå Granvin i Hardanger har vore til stor glede og inspirasjon for oss. Det er eit knippe originale slåttar med finurlege vendingar som byr på både rytmiske finessar og harmoniske overraskingar, fortel Bjørset entusiastisk.
Lokal produksjon
Albumet vart spelt inn på Jølstramuseet i mars med teknikar og produsent Bjarte Johansen frå OnCue i Høyanger bak spakane.
– Låven på museet viste seg å vere eit ypparleg innspelingslokale for denne type musikk, og det har vore heilt suverent å ha Bjarte med på laget. Vi er heldige som har tilgang på ressursar av slik kvalitet lokalt, slår Bjørset fast.
Fredag 9. august er det offisiell lansering av albumet under Landsfestivalen i gammaldansmusikk (NM) som dette året går av stabelen i Kinsarvik i Hardanger.
– Vi inviterer til dansekonsert der vi spelar utdrag frå plata, og vi satsar sjølvsagt på god stemning med både friske replikkar og høg latter frå scena mellom slåttane. Det blir verkeleg stas å kunne lansere eit album som vi er veldig stolte over å ha laga, seier Bjørset.
Ho har med seg ei rekkje utøvarar på albumet. Hardingfele: Ingrid Stuhaug (Naustdal), Oda Bolstad (Luster), Ingrid Heieren (Jølster/Stryn), Leif Erik Stuhaug (Naustdal), Åslaug Timenes Bell (Gaular/Osterøy), Mathilde Skjæret (Luster). Gitar: Kjartan Haugen Foss (Lom). Kontrabass: Geir Marius Thorud (Sel).
Gamlebanken Spelemannslag spelar på Riksscenen i Oslo 31|. august og på Osafestivalen på Voss 26. oktober.