Alf Støfring er godt nøgd med at grunneigarane har fått gjennomslag på to viktige punkt i skjønet.

Grunneigarane fekk gjennomslag på viktige punkt i Jølstra

I samband med den store kraftutbygginga i Jølstra har det vore skjøn for å fastsetje fallrettserstatningar til grunneigarane som blir omfatta av utbygginga.



No har retten sagt sitt og erstatningane er klare. Alt i alt må Sunnfjord Energi AS ut med ei årleg fallrettsleige på 7500.000, inkludert eigne fallrettar. Energiselskapet må også betale sakskostnader med til saman i underkant av 1800.000

Vil vurdere dommen

Alf Støfring er grunneigarane sin talsmann og hadde så vidt fått tid til å studere dommen då vi snakka med han tysdag. På spørsmål om han er nøgd med tingretten si avgjerd, så svarar han slik:

– Det vil i slike saker alltid vere ei vurdering i høve til om ein er nøgd eller ikkje. Vi kjem til å bruke dei fire vekene vi har fram til ankefristen og gå grundig gjennom dommen. Det vil vi gjere i lag sakkunnige  og vurdere nøye om vi skal gå vidare til lagmannsretten.

Sidan Sunnfjord Energi eig ein stor del av fallet, blir også selskapet største mottakar av fallrettserstatning. Om lag 2500.000 skal selskapet betale til seg sjølv. Elles varierer erstatninga til grunneigarane mellom nokre hundrelappar og over 500.000 årleg. Satsane skal indeksregulerast kvart femte år.

To alternativ

Då spørsmålet om ei større utbygging av Jølstra kom opp for ti år sidan, forhandla grunneigarane med Sunnfjord Energi AS, utan å bli samde. Sunnfjord Energi eig fallrettane i Stakaldefossen, i tillegg til knappe 47 prosent av fallet ovanfor. Resten, 52.2 prosent disponerar grunneigarane som etter at dei ikkje vart samde med Sunnfjord Energi, gjorde avtale om utbygging med Fjell kraft AS, seinare Norkraft AS. Det var i utgangspunktet to alternativ for utbygging, ei separat utbygging for fallet ovanfor Stakaldefossen, ved Norkraft, og ei utbygging av heile fallet mellom inntaket i Tungahølen og Reinene ved Movatnet ved Sunnfjord Energi. Sunnfjord Energi sitt alternativ ville gje 70 GWh  meir kraft enn det andre og fekk til slutt konsesjon i juni i fjor.

Etter det fekk energiselskapet ekspropriasjonsløyve og løyve til å starte utbygging før skjøn vart halde.



Fekk gjennomslag

Under skjønshandsaminga hevda grunneigarane at deira alternativ var eit reelt utbyggingsalternativ, noko retten sa seg samd i og som fekk konsekvens for utmålinga av fallrettserstatningane. Grunneigarane fekk også medhald i at den såkalla naturhestekraftmetoden ikkje skulle nyttast ved verdifastsetjing av fallrettane, men den nyare "Marknadsmodellen» også kalla «Småkraftmodellen»

– Eg er veldig glad for at vi fekk gjennomslag for desse to viktige punkta i vår påstand. Eg føler at vi har gjort ein god jobb med å presentere saka vår. Elles er det alltid slik at i saker som dette, vil det alltid vere nokon som er nøgde med utfallet, andre ikkje. Men vi er ikkje ferdige med saka før vi har ein rettskraftig dom. Elles vil eg no seie at det hadde vore både behagelegare og billegare og vorte samde utan rettssak, avsluttar Alf Støfring før han set seg på traktoren for å drive litt pensjonistarbeid, som han kalla det.

Overraska

Administrerande direktør Fredrik Behhrens i Sunnfjord Energi  har ei litt anna oppfatning enn Støfring når det gjeld utfallet av skjønet.

- Eg er overraska over konklusjonen,  både prinsippa og storleiken på erstatninga, seier Behrens som ikkje vil kommentere enkeltpunkt i dommen.

-Vi må forhalde oss til heilheita og vi vil vurdere dommen nøye.

-Blir det aktuelt å anke?

-Det er det alt for tidleg å seie noko om, avsluttar Behrens.



 

 

Det var i utgangspunktet to konsesjonssøkjarar i Jølstra. Fotoet er frå NVE si synfaring i 2015 og vi ser Sunnfjord Energi sin prosjektleiar Kjell Johnny kvamme flankert av Nordkraft sine representantar. Bak Olav Osvoll Sunnfjord Energi som no er tilsett hos BKK: T.h.: NVE sin sakshandsamar Ingrid Haug.
Adm dir Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi (t.v.) og prosjektleiar for Jølstra kraftverk Kjell Johnny Kvamme