Den alle første utdelinga av DRIV-prisen. Frå venstre Kristine Kopperud Timberlid (Innovasjon Norge), Geir Bjørkeli (Corvus Energy), Jan B. Sagmo (Bergen Carbon Solutions), Gunnar Stavøstrand (Evoy) og Trond Teigene (Sparebanken Sogn og Fjordane). Foto: Runar Sandnes.

Grøn innovasjonspris til Corvus Energy

Verksemda Corvus Energy i Bergen er den aller første vinnaren av DRIV-prisen på 200.000 kroner.


Prisvinnaren er ein pioner innan maritime batteripakkar og energilagringssystem. Teknologien dei har utvikla er verdsleiande og dei skal no levere verdas største batteripakken til AIDA – det største cruiseselskapet i verda.


– Det er ei stor ære for oss å bli anerkjend på heimebane, sa Geir Bjørkeli, administrerande direktør i Corvus Energy like etter prisutdelinga.


Prisen fekk dei på Kraft i Vest-konferansen på Sandane torsdag. Dei vann framfor Bergen Carbon Solutions og Evoy, som fekk høvesvis 50.000 og 30.000 kroner.


DRIV-prisen er ein heilt ny grøn innovasjonspris i Hordaland og Sogn og Fjordane, altså Vestland frå 2020. Den er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Noreg Vestland. (©NPK)